Multisport X // Thailand

Friluftsliv, Idrett og trening
Alt om linja

«Multisport X // Thailand»  (tidlegare FIT // Thailand) gir deg det beste frå to verdenar – actionfylt idrett og episk friluftsliv både heime i Noreg og ute i verda! Sjå for deg 3-4 veker i Thailand med strand, varme og spennande eventyr medan kulda herjar heime. Når du kjem heim, venter ei veke i Sälen, Trysil eller ein annan av dei råaste alpindestinasjonane i Norden. Perfekt kombinasjon for både kropp og sjel – klar for å gi alt?

Opplev friluftsmekka på Nordvestlandet og i Thailand!

Hausten brukar vi til å utforske nærområda – naturen er klasserommet vårt. Her blir du betre kjent med både deg sjølv og dei rundt deg. Vi dreg på fjellturar, klatrar i grotter og overnattar på hytter eller under open himmel når vêret er på vår side!

Du får kjenne på meistring gjennom friluftsliv, actionfylte aktivitetar, opplevingar og refleksjon – både som individ og som ein del av eit fantastisk fellesskap.

Klar for PADI-dykkarkurs, skikøyring, klatring, tempelbesøk og yoga og massasjekurs med topp instruktørar? Høyrest ganske feitt ut, eller?

Vi reiser med meining! Kvifor er berekraft viktig?

Fordi vi alle har eit ansvar for at framtida skal bli bra for våre barn og barnebarn! På Møre folkehøgskule handlar berekraft om meir enn CO2. Vi kombinerer kunnskap om livet i andre land med medvitet om at vi alle må jobbe for ei berekraftig framtid.

«Vi reiser med meining» er vårt motto. Berekraft handlar også om å skape forståing mellom folk og kulturar. Det får vi til ved å reise, sjå, og til slutt forstå.

For å halde nede utsleppa reiser vi berre på éin lang tur i året, og den varer 3-4 veker. Då jobbar vi med dei som treng det mest, samtidig som vi får oppleve dykking, klatring, og kultur. Vi får innsikt i dagleglivet på andre sida av jorda!

I starten av året vel klassa 4 av FN sine berekraftsmål som vi skal jobbe med gjennom heile skuleåret. Slik blir du med på å skape ei betre framtid – både for vår generasjon og dei som kjem etter oss! Og det beste? Du får minner og vener for livet medan du er med på noko som verkeleg betyr noko!

Heilt eller halvt år?

Viss vi har plass kan du velje å vere med på eit halvt år på denne linja! Du kan også kombinere med ei av våre andre halvårslinjer! Valet er ditt!

 

English, German, Dutch and Ukranian summary:

Look in the menu at the top right or click here!

{{ slide.caption }}

Studietur både i Thailand og Norge/Sverige

På FIT linja får du ein 3-4 vekers studietur til dei vakraste strendene i Thailand med fokus på opplevingar både over og under vatn! Du kan snorkle med havskilpadder eller om du tek sjansen så leiter vi etter «Blacktip reef shark». Dette er ein snill hai, men den kan verte inntil 2 meter lang og har faktisk tenner…

Du får vere med på PADI dykkerkurs og vi besøker tempel og fantastiske utsiktspunkt for å forstå meir om dette landet.

Nokre dagar treng vi å lande, og då deltek vi på yogakurs med topp instruktørar. Når energien er tilbake er klatring på legendariske Railey Beach eit nytt høgdepunkt!

Vinteren i Norge/Sverige er også til for å brukast. Vi planlegg å vere ei veke på eit av dei største skianlegga (Sälen/Trysil) der det blir utfordringar på alle nivå i bakken på dagtid og peisvarme saman på kveldstid.

Passar dette for deg?

Er du klar for et år der du kan utfordre deg sjølv litt, men på dine eigne premissar? På Multisport X // Thailand får du prøve masse spennande aktivitetar innan idrett og friluftsliv – utan at du treng å vere i toppform! Dette året gir deg ein gylden sjanse til å bli betre kjend med kroppen din og utvikle styrke og ferdigheiter i ditt eige tempo. Det handlar ikkje om å vere best, men om å ha det gøy og oppdage kva du kan få til når du prøver nye ting.

Så lenge du møter opp med ei positiv innstilling og er villig til å pushe deg sjølv litt, vil du merke korleis du sakte, men sikkert, blir sterkare – både fysisk og mentalt. Du vil ikkje berre utvikle deg sjølv, men også bli ein del av eit fantastisk samspel med andre. Her er det plass til alle, uansett kva utgangspunkt du har, og vi tilpassar utfordringane slik at du får det beste ut av året!

Vil du, så kan du!

Utstyr til linja

Pakkeliste

Som elev på linja «Multisport X // Thailand» treng du ein del utstyr. Du får pakkelister når det nermar seg. Det er berre å ta kontakt om du lurer på noko når det gjeld utstyr. Mykje kan kjøpast billeg og brukt, og vi gir gjerne råd!

Portrettbilde av Christan Howlid

Har du spørsmål om linja?

Christian Howlid
Linjelærar FIT
Faglærer og Mastergrad i kroppsøving fra HiH og HINT. Personlig trener (PT) fra SATS/Elixia. Trener 1 og 2 i Alpint og Telemark. Dykkersertifikat PADI Open Water & Advanced. Svart belte i Tae Kwon Do og Blått i Kickboxing. Fallskjerm og Paragliding-kurs. Diplomert massør fra Naprapathøyskolen i Stockholm. Viderekommende kurs i behandling av idrettskader, triggerpunkt og stretching. Livredder instruktør.
Faglærer og Mastergrad i kroppsøving fra HiH og HINT. Personlig trener (PT) fra SATS/Elixia. Trener 1 og 2 i Alpint og Telemark. Dykkersertifikat PADI Open Water & Advanced. Svart belte i Tae Kwon Do og Blått i Kickboxing. Fallskjerm og Paragliding-kurs. Diplomert massør fra Naprapathøyskolen i Stockholm. Viderekommende kurs i behandling av idrettskader, triggerpunkt og stretching. Livredder instruktør.