• Tre jenter sit saman i ein kajakk på vatnet
  • Fleire reiseliv elevar med stråhattar på er i ein åker og plukkar frå buskar

Reis og opplev // Europa & Asia

Drøym. Planlegg. Reis!
Alt om linja

Er du klar for å reise ut i verda, oppleve nye kulturar og samtidig lære å planleggje eigne eventyr? På Reis og opplev // Europa og Asia får du sjansen til å utvikle ferdigheiter som reiselivsplanlegging, kulturforståing og personleg vekst – alt mens du reiser til unike destinasjonar i både Europa og Asia. Det beste? Du vel sjølv om du vil vere med på éin eller begge turane!

Gjennom året får du ikkje berre fantastiske reiseopplevingar, men du vil også bli del av det magiske folkehøgskulelivet – med vennskap, internatliv og eit fellesskap du vil hugse for alltid. Om du drøymer om å sjå verda, utvikle deg sjølv og få minner for livet, er denne linja for deg. Klar for å bli med?

cof

Opplev. Sammen med andre!

Dette er linja for deg som ikkje berre vil bli med! Du vil drøyme, planlegg og så reise. Samen mad medstudentane dine. Første halvår startar vi litt nære med Norge og Europa før vi andre halvår planlegg ein lang tur til Asia! Spennande? Og det besta av alt: Det DU som er med å skaper opplevingane!

Vi reiser med meining. Kvifor er berekraft viktig?

Fordi vi alle har eit ansvar for at framtida skal bli bra for våre barn og barnebarn! På Møre folkehøgskule handlar berekraft om meir enn CO2. Vi kombinerer kunnskap om livet i andre land med medvitet om at vi alle må jobbe for ei berekraftig framtid.

«Vi reiser med meining» er vårt motto. Berekraft handlar også om å skape forståing mellom folk og kulturar. Det får vi til ved å reise, sjå, og til slutt forstå.

For å halde nede utsleppa reiser vi berre på éin lang flytur i året, og den varer 3-4 veker. Då jobbar vi med dei som treng det mest, samtidig som vi får oppleve dykking, klatring, og kultur. Vi får innsikt i dagleglivet på andre sida av jorda!

I starten av året vel klassa 4 av FN sine berekraftsmål som vi skal jobbe med gjennom heile skuleåret. Slik blir du med på å skape ei betre framtid – både for vår generasjon og dei som kjem etter oss! Og det beste? Du får minner og vener for livet medan du er med på noko som verkeleg betyr noko!

Heilt eller halvt år?

Viss vi har plass kan du velje å vere med på eit halvt år på denne linja! Du kan også kombinere med ei av våre andre halvårslinjer! Valet er ditt

{{ slide.caption }}

Studieturen er du med og lagar!

Saman med lærarane på linja får du vere med å lage studieturane. Det kan vere både spennande og frustrerande å lage ein tur innanfor eit budsjett! Men ei god øving er det. I tillegg så kan denne klassa også verte spurde av dei andre klassene om å hjelpe til å planlegge deira studietur!! Ein god sjanse til å verte ekstra populær på internatet?

Eit av våre forslag er å planlegge ei interrail-reise rundt i Europa. Då kan klassa besøke både storbyar og strender, samstundes som ein tenkjer på berekraft og unødvendig utslepp av klimagassar.

På vinteren og våren blir de utfordra på å lage ein tur til Asia. Vi har reist til både Japan, Thailand, Indonesia (Bali) og Kina i mange år. Di oppgåve blir å lage ein tur dit der vi både skal oppleve dei fantastiske landa samtidig som vi får ei forståing av at svært mange menneske ikkje lever eit luksusliv slik vi gjer. Kanskje kan du verkeleg oppleve at du gjer ein forskjell for andre gjennom eit av hjelpeprosjekta som skulen driv?

Passar dette for deg?

Denne linja er for deg som vil reise, oppleve og lære saman med andre med dei same interessene. Du må vere open og positiv og ha respekt for andre folk og andre kulturar.

Å reise er dyrt. Sjølv om vi prøver å gjere det så billeg som råd, er dette ei noko dyr linje. Då er det kjekt å vite at du kan velje å vere med på linja, men berre vere med på den eine lange turen. Då sparer du nokre kroner og får vere på skulen og ha eit eige opplegg i den reiseperioden der du ikkje er med. Ta kontakt med skulen om du lurer på noko om dette!