• Gruppebilde med elevar frå Reiseliv linja

Wander & Wonder // Verda som klasserom

Alt om linja

Wander & Wonder // Verda som klasserom

Reis med meining – opplev, forstå og skap ditt eige eventyr.

Vil du reise på ein måte som gir meir enn berre ferie?
Wander & Wonder blir verda klasserommet ditt.
Du planlegg og gjennomfører reiser saman med andre, og lærer korleis opplevingar kan vere både spennande, trygge og meiningsfulle.

Gjennom året jobbar de i grupper med alt frå idé og planlegging til budsjett og gjennomføring.
Du får erfaring med reiseliv, kulturmøte, trygg ferdsel og samarbeid – og lærer å ta ansvar både for deg sjølv og for gruppa.

Studieturen på våren er høgdepunktet:
Ei 3–4 vekers reise der de sjølve vel retning og innhald. Kanskje endar de i Asia og legg inn eit møte med ei av dei andre linjene våre som er på tur der – eller kanskje ender de på ein heilt annan plass?
Reisa blir akkurat så eventyrleg som de gjer ho til!

Fellesturen i november samlar heile skulen til ei veke i varme strøk – perfekt for å bygge fellesskap og starte året med energi og nye vener.

Wander & Wonder passar for deg som vil sjå verda, forstå den – og skape noko saman med andre.
Her får du ansvar, opplevingar og minner du aldri gløymer.

Søk no – og design ditt eige eventyr med reiser, ansvar og nye perspektiv.

For deg som vil planleggje, gjennomføre og dele reiser

Du treng ingen forkunnskapar – berre reiselyst, samarbeidsevne og vilje til å ta ansvar.
Her får du teste deg sjølv i alt frå idé og planlegging til oppleving og deling.


Dette får du lære

  • Planlegging og gjennomføring av reiser

  • Budsjett, tryggleik og ansvar på tur

  • Kulturforståing og refleksjon

  • Formidling gjennom blogg, foto og video

  • Fellesskap og samarbeid i praksis


Våre forventningar til deg

Vi forventar at du møter med ope sinn, reiselyst og nysgjerrigheit på verda.
Du treng inga erfaring – berre mot til å kaste deg ut i nye eventyr, bidra i planlegginga og vere fleksibel når ting ikkje går heilt etter planen.

Hos oss blir du ein aktiv del av fellesskapet, der samarbeid, utfordringar og opplevingar skaper minner for livet.

{{ slide.caption }}

Planlegg din eigen tur – backpacking med tryggleik

Har du drøymt om å reise ut i verda med sekk på ryggen – men lurt på korleis du eigentleg gjer det?
Wander & Wonder lærer du alt du treng for å planleggje og gjennomføre din eigen reise.

Du får vere med på heile prosessen:
Frå å finne reisemål og leggje budsjett, til å bestille transport, vurdere tryggleik og handtere uventa situasjonar undervegs.
Når du har vore gjennom vårt opplegg, står du stødig – klar til å utforske verda på eiga hand, men med tryggleiken av å vite kva du gjer.

Backpacking handlar ikkje berre om å kome seg frå stad til stad, men om å vere open, fleksibel og nysgjerrig.
På Møre folkehøgskule får du både erfaringa, kompetansen og sjølvtilliten til å gjere draumen din om til verkelegheit.

👉 Reis smart. Reis trygt. Reis med meining.