Animasjon // Japan

Classic, Manga & Anime
Alt om linja

Klassebilde av elevar på animasjonslinja utanfor skulen

Klar for å utforske ei verd der kreativiteten din får fritt spelerom? Å gå på animasjonslinja på Møre folkehøgskule er som å tre inn i eit univers der du kan sjå ideane dine bli til liv! Her lærer du korleis du kan lage alt frå enkle korte snuttar til meir avanserte animasjonar, enten du vil teikne for hand, bruke digital teknologi, eller prøve stop-motion.

 

Lær animasjonsteknikkar saman med andre

Du får sjansen til å lage dine eigne prosjekt, jobbe med kule verktøy og apper, og kanskje til og med lage din eigen minifilm! Frå å planlegge scener til å sette saman musikk og lydspor, får du full kreativ kontroll. Det beste? Du får dele dette med andre og kanskje vise fram animasjonen din på festivalar eller konkurransar.

Om du diggar å fortelje historier, eksperimentere med kunst og teknologi, eller drøymer om å jobbe innan film, spill eller media, er animasjonsfaget den perfekte måten å utfordre seg sjølv – og ha det sjukt gøy samtidig!

Animasjon er linja for deg som er nysgjerrig på klassisk animasjon, anime, manga, Japansk kultur og -animasjon og mykje meir. Fantasien har ingen grenser!  Du treng ikkje ha forkunnskap om faget. Vi utfordrar kreative sidene dine, og du får realisert dine idear og interesser. Du vil gå ut av skuleåret med din egen portefølgje.

Som elev  på Møre har du fri tilgang på arbeidsrom og utstyr både i og utanfor undervisningstida. Linja legg til rette for individuelt arbeid, men tilbyr samarbeid med andre med same interesse gjennom felles prosjekter og gruppearbeid!

Valet er ditt. Og berkraft er ein del av svaret!

 

 

Om du er opptatt av berekraft er Møre folkehøgskule rette staden for deg. Her er nokre grunnar:

  1. Fordjupning. Folkehøgskulen gir deg sjansen til å fordjupe deg i eit emne du er interessert i. Du kan enten velge linjer der hovedfokuset er berekraft og miljøspørsmål, eller du kan velje ei linje der berekraft blir ein naturleg del av alle aktivitetane du får vere med på gjennom året.
  2. Praktisk erfaring. Vi legg vekt på at du skal lære gjennom å utføre. Du deltek på ekskursjonar og frivillig arbeid både i og utanfor Norge. Då får du sjå at berekraft er viktig og at miljøarbeid nyttar!
  3. Felleskap. På Møre folkehøgskule vil du møte både elevar som liknar deg sjølv og elevar som du ikkje heilt kjenner deg igjen i. Felles for dei alle er vilja til å vere med i det fantastiske folkehøgskulemiljøet! Og du vil ganske så snart finne ut at også dei som verkar å vere ulike deg er rett så kjekke og likandes folk! Dette fellesskapet kan vere ein uvurderleg ressurs for å utveksle idear, inspirasjon og samarbeide om berekraftsinitiativer.
  4. Personleg vekst. Eit år på Møre folkehøgskule handlar også om at du kjem til å vekse som person. Du kjem til å utvikle deg når det gjeld samarbeid, kritisk tenking og kommunikasjon. Dette er nyttige eigenskapar å ha når du skal påverke endring innanfor m.a. berekraft i åra som kjem.
  5. Inspirasjon for framtida. Eit år på Møre kan hjelpe deg å definere dine verdiar og interesser. Kanskje ser du at kombinasjonen avberekrtaft og eit anna fag er nettopp det du vil både utdanne deg innan og arbeide med i åra som kjem?

Derfor, viss du meiner berekraft er viktig for deg kan eit år hos oss vere eit unikt og utviklande steg på vegen for å forstå, påverke og vere med og skape ei meir berekraftig framtid.

I starten av skuleåret får du saman med resten av klassa vere med å avgjere kva for nokre av FN sine berekraftsmål som nettopp «Animasjon // Japan» 2025-2026 skal ha fokus på i sitt folkehøgskuleår!

Kva gjer vi på hausten?

Dette kan du oppleve

  • Korleis blir klassisk animasjon laga?
  • Teiknefilm, dukkefilm, musikkvideo, bildekomposisjon
  • Pixillasjon, cut out, stop motion
  • Eksperimentell animasjon
  • Lyd og lydopptak
  • Fredrikstad Animasjonsfestival
  •  Animation Volda
  • Bli- kjent-turar
  • Elevkveldar

Reise

Fredrikstad, Småturar i nærområde, Hyttetur

Kva skjer etter jul?

Dette kan du oppleve

  • Innføring i anime
  • Innføring i manga
  • Studietur til Japan
  • Valfag som turar i nærområdet, thaimat, yoga, skating og mykje anna
  • Felleskap og sosialt liv på skulen
  • Mat på bål
  • Elevkveldar

Reise

Japan, Den norske dokumentarfilmfestivalen

Kva koster linja?

Endeleg pris for skulåret vil avhenge om du går heilårslinje eller berre eitt av halvåra. Sjå vår linjevelgar for prisar.

Gå til linjevelgar
{{ slide.caption }}

Studietur Japan

Studieturen for animasjonslinja går til Japan ca 2 veker før påskefrien. Du får oppleve Osaka, Kyoto, Tokyo, Akihabara, tempel og slott. Vi besøker kunst- og mangamuseum, vi går på manga teiknekurs og utforskar japansk mat.

Dessutan brukar vi å besøke Animasjonsfestivalen i Fredrikstad på hausten for å hente inspirasjon og kunnskap!

Passer linja for deg?

Likar du å jobbe sjølvstendig, men saman med andre med like interesser? Vil du lære meir om teknikkane bak film og animasjon? Ønskjer du å uttrykke deg kreativt, og bringe liv til idear og teikningar? Då er animasjonslinja linja noko for deg!

Søk på linja

Som elev på linja treng du noko utstyr

Dette treng du å ta med sjølv

  • Berbar datamaskin
  • Digitalt teiknebrett
  • Teiknesaker

Dette får du låne

  • Stasjonær PC
  • Lysbord
  • Speilreflekskamera
  • Lydutstyr
  • Glasbord med fleire nivå
  • Teiknesaker og animasjonsbøker
  • Alle har sin eigen arbeidsplass på fellesrommet.
Portrettbilde av Tiina Mand

Har du spørsmål om linja?

Tiina Mänd Jüring
Linjelærar Animasjon
Utdannet ved kunstskole i Pärnu, Kunst Akademiet i Tallinn, animasjonsopplæring ved Estisk Tegnefilm Studio, animatør ved studio «Estisk Tegnefilm». Har skrevet og tegnet barnebok, og har oversatt norsk barnebok til estisk.
Utdannet ved kunstskole i Pärnu, Kunst Akademiet i Tallinn, animasjonsopplæring ved Estisk Tegnefilm Studio, animatør ved studio «Estisk Tegnefilm». Har skrevet og tegnet barnebok, og har oversatt norsk barnebok til estisk.