Opne døra til Asia – lær språk, smak kultur og opplev verda frå innsida!
Dette er linja for deg som vil kombinere reise, kultur og ekte opplevingar.
Gjennom året får du lære kinesisk og japansk språk, utforske matkultur og forstå korleis tradisjon og moderne liv blir fletta saman i kvardagen.
Du lærer enkle språkferdigheiter, prøver deg på kalligrafi og origami, og dykker inn i animé, manga og japansk popkultur. På kjøkkenet lagar vi sushi, ramen og dumplings – medan vi lærer om historia, menneska og kulturen bak smakane.
Høgdepunktet:
I februar–mars reiser vi på ein tre-fire vekers studietur til Kina og Japan.
Du kan du få oppleve Tokyo, Kyoto, Beijing og Shanghai – frå lyntog og templer til marknader og moderne byliv. Turen blir laga spesielt for kvart årskull!
Ekte møter, ekte kultur – og minner for livet.
Bonus:
I november reiser heile skulen saman på Møreturen – ei veke i varme strøk med sol, aktivitetar og nye venner frå alle linjer.
Frå Sunnmørsalpane til Asia
Skulen ligg i Ørsta, omgitt av dei majestetiske Sunnmørsalpane.
Her utforskar vi også nærområdet med turar, matlaging og overnatting på hytte – før eventyret tek oss vidare ut i verda.
Søk på linja – og opplev Asia frå innsida: ekte kultur, ekte møter, ekte eventyr.
Her får du oppleve Asia både i klasserommet og på reise!
Enten du alt er hekta på alt asiatisk – eller berre vil oppdage ei heilt ny verd – er dette linja for deg.
Kinesisk språk, mytologi, historie og samfunn – slik at du forstår dette spennande landet frå innsida
Japansk språk og kultur – frå kvardagsliv til gaming, animé og popkultur
Matlaging: vi lagar alt frå sushi og ramen til dumplings og street food
Kreative uttrykk som kalligrafi, manga og japansk kunst
Korleis planleggje reiser og ferdast trygt i Asia
Kom med ope sinn, nysgjerrigheit og respekt for andre kulturar.
Du treng inga erfaring – berre lyst til å lære språk, smake på nye ting og bli ein del av fellesskapet, både heime på skulen og ute på tur.
Studieturen varer i 3–4 veker og tek deg tett på både Kina og Japan.
Ingen tur er heilt lik, men alle er fulle av kontrastar, fargar og nye perspektiv.
I Kina opplever du alt frå storbykaos i Beijing og Shanghai til små landsbyar og stille naturperler.
Vi besøker Den kinesiske mur, Den forbodne by – og Chengdu, byen til pandaen 🐼.
Eit av høgdepunkta er dagane på Håpskulen, der du møter barna og får minner for livet.
I Japan reiser vi når kirsebærtrea blomstrar.
Basen vår er Kyoto, med utflukter til historiske Nara og små idylliske byar.
Og sjølvsagt: Tokyo – verdas største metropol, der tradisjon og framtid møtest på kvar gate.
Dette er ikkje ein tur for å krysse av stadar på lista.
Du får oppleve menneske, kultur og kvardagsliv – og sjå korleis gamle tradisjonar lever side om side med det moderne.
Ei reise som gir deg nye venner, ny forståing – og eit heilt nytt syn på verda.