Frame by Frame // Story, Film og Foto

Alt om linja

Frame by Frame // Story, Film og Foto

Skap di eiga historie – med kamera, kreativitet og kultur.

Vil du ha eit kreativt år fylt med film, foto og sosiale medium – kombinert med reise til Japan og spektakulær natur på Sunnmøre?
Då er Frame by Frame linja for deg.

Her lærer du å fortelje historier gjennom bilde, lyd og video.
Du får opplæring i filmproduksjon, foto, redigering, animasjon og podkast – og jobbar med verktøy som dei proffe brukar.
Gjennom året utviklar du idear frå første skisse til ferdig film, musikkvideo eller reels til SoMe.

Kreativitet + teknologi
Ein viktig del av året handlar om innhald til sosiale medium: reels, stories og korte videoar som engasjerer.
Du lærer å kombinere kreativitet, teknikk og historieforteljing for å nå ut – og bli sett.

Sunnmøre som filmkulisse
Fjord, fjell og dramatisk lys – Sunnmørsalpane gir deg naturkulissar få kan matche.
Vi samarbeider med friluftslinjene, så du får ekte statistar og actionscener frå naturen rundt deg.

Reise til Japan
Eit av årets høgdepunkt er studieturen til Japan:
Opplev animé og manga, moderne mediehus, og kontrastane mellom tradisjonelle Kyoto og hypermoderne Tokyo.
Og i november reiser heile skulen saman til varmare strøk – perfekt pause frå mørketida og ei vitamininnsprøyting for fellesskapet.

Søk no – og skap di eiga historie gjennom film, foto og SoMe!

Bilde av ein elev frå Midtens rike klassa som stend på eit utstikkar frå fjellsida mot åpen himmel

For deg som vil lage film, foto og SoMe-innhald

Passar både for nybyrjarar og for deg som alt har erfaring og vil ta det vidare.


Dette får du lære

  • Filmproduksjon frå idé til ferdig produkt

  • Foto, droneopptak og redigering

  • Produksjon for sosiale medium (reels, stories, shorts)

  • Animasjon og podkast

  • Forteljing og formidling som engasjerer


Våre forventningar til deg

Vi forventar at du kjem med skaparglede, engasjement og vilje til å lære.
Du treng inga erfaring – det viktigaste er at du er open for å teste nye idear, samarbeide med andre og dele di eiga historie med verda.

Fortel di eiga historie – og få verda til å lytte

Frame by Frame handlar det ikkje berre om kamera og klipp – det handlar om å fange augeblikk, skape kjensler og fortelje historier som treff.
Du får eksperimentere, feile, lære og finne din eigen stil – i klasserommet, ute i naturen og på reise i Japan.

Her får du jobbe i kreative prosjekt, møte folk som deler lidenskapen din og skape innhald som faktisk betyr noko.
Det handlar om å vere nysgjerrig, leiken og modig nok til å trykke på “record”.

Frame by Frame – for deg som vil fortelje, engasjere og inspirere gjennom bilde og lyd.

{{ slide.caption }}

Studietur til Japan – kreativitet, kontrastar og kultur

Japan er som skapt for deg som elskar visuelle uttrykk.
Her møtest tradisjon og teknologi, ro og kaos – alt i eit lys som er heilt unikt.
Du får oppleve Kyoto sine templer, Tokyo sine neonlys og gater fulle av fargar, lydar og inspirasjon.

Vi besøker mediehus, film- og animasjonsstudio, og dykker inn i japansk popkultur – frå animé og manga til street fashion og gaming.
Du får fange augeblikk med kamera, lage innhald på stader du berre har sett på skjerm – og sjå korleis kreativitet kan sjå ut på heilt andre måtar.

Når du kjem heim, har du ikkje berre bilder og film – du har historier, nye perspektiv og inspirasjon som varer.

Japan-turen blir årets høgdepunkt – ei reise for auge, sinn og kamera.