eXtremsport // Bali & Thailand

Vakrare - våtare - villare
Alt om linja

Linja eXtremsport // Bali & Thailand er for deg som vil ta alt eit hakk vidare! Vi klatrar ikkje berre i fjellveggane rundt oss – vi sikter høgare. Kva med å kaste deg ut frå eit fly når fjella ikkje er nok? Med to episke reiser med surfing på Bali om hausten og dykking i Thailand om vinteren toppar vi det heile. Og som om det ikkje var nok, legg vi til ei veke med kiting på Finse, rå downhillsykling og nervepirrande elvekajakk for å gjere bildet komplett.

Du får kjenne på adrenalinet i vill natur – anten det er surfing i perfekte bølgjer, klatring i dramatiske fjell, eller å få frisk puddersnø under skia på skiturar du vil hugse for alltid. På Bali får vi òg sjansen til å gje tilbake, med hjelpearbeid der det verkeleg trengst, så du får oppleve både meining og meistring.

Dette er linja for deg som søkjer varige venskap, ekte kameratskap, og actionfylte opplevingar du aldri vil gløyme. Klar for å utfordre deg sjølv litt ekstra?

Dette er for deg som vi oppleve noko heilt spesielt...

Linja eXtremsport // Bali & Thailand er for deg som vil ta alt eit hakk vidare! Vi klatrar ikkje berre i fjella rundt oss – vi sikter høgare. Kva med å kaste deg ut frå eit fly når fjella ikkje er nok? Med to episke reiser med surfing på Bali om hausten og dykking i Thailand om vinteren toppar vi det heile. Og som om det ikkje var nok, legg vi til ei veke med kiting på Finse, rå downhillsykling og nervepirrande elvekajakk for å gjere bildet komplett.

Du får kjenne på adrenalinet i vill natur – anten det er surfing i perfekte bølgjer, klatring i dramatiske fjell, eller å få frisk puddersnø under skia på skiturar du vil hugse for alltid. På Bali får vi òg sjansen til å gje tilbake, med hjelpearbeid der det verkeleg trengst, så du får oppleve både meining og meistring.

Dette er linja for deg som søkjer varige venskap, episk kameratskap, og actionfylte opplevingar du aldri vil gløyme. Klar for å utfordre deg sjølv litt ekstra?

Er du klar for å kjenne adrenalinet pumpe? Her får du hoppe i fallskjerm, klatre i episke Sunnmørsalpane og på tropiske klipper i Thailand, surfe bølgene på Nordvestlandet og Bali, og kite på snødekte vidder på Finse. Vi tar deg med på toppturar, løssnøkjøring, elvekajakk og heftig downhillsykling – alt for å pushe grensene dine. Dette er linja for deg som vil leve på kanten, få rå opplevingar og bygge sterke vennskap medan du utforskar verdas villaste natur!

Vi reiser med meining. Kvifor er berekraft viktig?

Er du opptatt av berekraft og vil gjere ein forskjell? Då er Møre Folkehøgskule plassen for deg! Her får du sjansen til å dykke djupt i tema du brenn for, enten gjennom linjer som fokuserer på berekraft eller ved at berekraft er ein del av alt vi gjer – frå spennande prosjekt til utandørs opplevingar.

Lær ved å gjere! Vi prioriterer praktisk erfaring, med ekskursjonar og frivillig arbeid både i Norge og utlandet. Du vil sjå med eigne auge at berekraftsarbeid fungerer og at innsatsen din betyr noko.

Fellesskapet på Møre er spesielt. Du vil møte ungdommar frå heile landet, nokre som er som deg og andre som tenkjer heilt annleis – men det er det som gjer det spennande. Saman kan de utveksle idear, inspirere kvarandre og samarbeide om kule berekraftsinitiativ.

Folkehøgskuleåret handlar også om personlig vekst. Du vil utvikle ferdigheiter som samarbeid, kritisk tenking og kommunikasjon, noko som er essensielt for å påverke berekraftsarbeidet framover.

Eit år på Møre vil også hjelpe deg å finne ut kva du vil med framtida. Kanskje ser du at berekraft kombinert med andre interesser er akkurat det du vil satse på i åra som kjem?

Så om berekraft er viktig for deg, kan eit år hos oss gi deg innsikta, verktøya og inspirasjonen du treng for å forme framtida.

 

Dette er også ei halvårslinje!

eXtremsport er også ei halvårslinje! Då er du med på den studietur til Bali viss du vel hausten og Thailand viss du vel våren!

{{ slide.caption }}

Vi opplever. Saman med andre! Slikt blir det minne for livet av!

Studieturane er fleire på denne linja. Lange og korte. Bali og Thailand, Sunnmøre og resten av Norge.

Du kan også velje å delta på berre ein av dei to lange studieturane (Bali og Thailand). Då sparer du pengar som du kanskje kan bruke på fleire fallskjermhopp eller meir surfing i Hoddevika? Ta kontakt med skulen for info om dette!