Pulse & Power // Friluftsliv, Idrett og Trening

Studietur: Thailand 3-4 veker
Alt om linja

Vil du kjenne på energi, fellesskap og meistring – både i naturen og i hallen? Pulse & Power er linja for deg som likar å vere i bevegelse, prøve nye aktivitetar og finne gleda i å trene saman med andre.

Gjennom året får du variert og inspirerande trening: styrke, kondisjon, ballspel, yoga, sirkeltrening og basistrening som gir overskot og god stemning. Vi kombinerer dette med friluftsliv, klatring, kajakk, toppturar og andre utfordringar ute i Sunnmørsnaturen.

Målet er ikkje å bli best, men å kjenne framgang på ditt eige nivå – og oppleve kor gøy det er å vere aktiv saman. Du får tett oppfølging av engasjerte lærarar som ser deg og hjelper deg å utvikle deg, uansett utgangspunkt.

Høgdepunktet er den fire veker lange studieturen til Thailand, der du får ein miks av tropisk friluftsliv, idrett, velvære og fellesskap. Her blir det snorkling, strandvolleyball, yoga, zipline, jungelturar og nye opplevingar kvar dag.

Som elev får du òg vere med på Møreturen, den felles skuleturen i november der heile skulen reiser til varmare strøk for ei veke med sol, aktivitetar og sosialt fellesskap.

Søk no – og få eit år fullt av puls, power og opplevingar for livet.

Opplev friluftsmekka på Nordvestlandet og i Thailand!

Hausten brukar vi til å utforske nærområda – naturen er klasserommet vårt. Her blir du betre kjent med både deg sjølv og dei rundt deg. Vi dreg på fjellturar, klatrar i grotter og overnattar på hytter eller under open himmel når vêret er på vår side!

Du får kjenne på meistring gjennom friluftsliv, actionfylte aktivitetar, opplevingar og refleksjon – både du som individ o Yogaklasseg som ein del av eit fantastisk fellesskap.

Klar for PADI-dykkarkurs, skikøyring, klatring, tempelbesøk og yoga og massasjekurs med topp instruktørar? Høyrest ganske bra ut, eller?

{{ slide.caption }}

Bli med til Thailand!

Kva gjer du i mørketida?

Bli med Pulse & Power til sol og varme i Asia!

Neste vinter, når kulda bit og dagane er korte og grå, kan du vere ein heilt annan stad.
Vi reiser på ein 3–4 vekers studietur til Asia – der sol, varme og spanande aktivitetar ventar!

Dette er ikkje berre ei reise – det er ei moglegheit til å utfordre deg sjølv, oppleve noko nytt og skape minner for livet.

Høgdepunkt på turen:

  • Snorkling med havskilpadder – utforsk eit tropisk undervassparadis

  • Dykking på Ko Tao (Skilpaddeøya) – ta dykkersertifikat eller opplev korallrev og fargerike fiskar

  • Klatring på Railey Beach – ei av verdas mest kjende klatredestinasjonar

  • Yoga og trapez – test fleksibiliteten og kjenn adrenalinet pumpe

  • Asias beste zipline-eventyr på Phuket – svev gjennom jungelen på spektakulære liner

  • Avslapping ved bassengkanten – nyt varme dagar, fellesskap og ro

Denne studieturen er den perfekte miksen av eventyr, trening og avslapping. Du får oppleve både spektakulær natur og pulserande byliv – samtidig som du utviklar deg fysisk og mentalt.

Vil du sitje fast i vinterkulda – eller bli med oss til tropiske paradis?

DCIM103GOPROG1007320.JPG
DCIM101GOPROG0495765.JPG

No er det opp til deg!

Er du klar for et år der du kan utfordre deg sjølv litt, men på dine eigne premissar? På Pulse & Power // Friluftsliv, Idrett og Trening får du prøve masse spennande aktivitetar innan idrett og friluftsliv – utan at du treng å vere i toppform! Dette året gir deg ein gylden sjanse til å bli betre kjend med kroppen din og utvikle styrke og ferdigheiter i ditt eige tempo. Det handlar ikkje om å vere best, men om å ha det gøy og oppdage kva du kan få til når du prøver nye ting.

Så lenge du møter opp med ei positiv innstilling og er villig til å pushe deg sjølv litt, vil du merke korleis du sakte, men sikkert, blir sterkare – både fysisk og mentalt. Du vil ikkje berre utvikle deg sjølv, men også bli ein del av eit fantastisk samspel med andre. Her er det plass til alle, uansett kva utgangspunkt du har, og vi tilpassar utfordringane slik at du får det beste ut av året!

Vil du, så kan du! Søk på linja her!

Portrettbilde av Christan Howlid

Har du spørsmål om linja?

Christian Howlid
Linjelærar FIT
Faglærer og Mastergrad i kroppsøving fra HiH og HINT. Personlig trener (PT) fra SATS/Elixia. Trener 1 og 2 i Alpint og Telemark. Dykkersertifikat PADI Open Water & Advanced. Svart belte i Tae Kwon Do og Blått i Kickboxing. Fallskjerm og Paragliding-kurs. Diplomert massør fra Naprapathøyskolen i Stockholm. Viderekommende kurs i behandling av idrettskader, triggerpunkt og stretching. Livredder instruktør.
Faglærer og Mastergrad i kroppsøving fra HiH og HINT. Personlig trener (PT) fra SATS/Elixia. Trener 1 og 2 i Alpint og Telemark. Dykkersertifikat PADI Open Water & Advanced. Svart belte i Tae Kwon Do og Blått i Kickboxing. Fallskjerm og Paragliding-kurs. Diplomert massør fra Naprapathøyskolen i Stockholm. Viderekommende kurs i behandling av idrettskader, triggerpunkt og stretching. Livredder instruktør.