Reis med meining – opplev, forstå og skap ditt eige eventyr.
Vil du reise på ein måte som gir meir enn berre ferie?
På Wander & Wonder blir verda klasserommet ditt.
Du planlegg og gjennomfører reiser saman med andre, og lærer korleis opplevingar kan vere både spennande, trygge og meiningsfulle.
Gjennom året jobbar de i grupper med alt frå idé og planlegging til budsjett og gjennomføring.
Du får erfaring med reiseliv, kulturmøte, trygg ferdsel og samarbeid – og lærer å ta ansvar både for deg sjølv og for gruppa.
Studieturen på våren er høgdepunktet:
Ei 3–4 vekers reise der de sjølve vel retning og innhald. Kanskje endar de i Asia og legg inn eit møte med ei av dei andre linjene våre som er på tur der – eller kanskje ender de på ein heilt annan plass?
Reisa blir akkurat så eventyrleg som de gjer ho til!
Fellesturen i november samlar heile skulen til ei veke i varme strøk – perfekt for å bygge fellesskap og starte året med energi og nye vener.
Wander & Wonder passar for deg som vil sjå verda, forstå den – og skape noko saman med andre.
Her får du ansvar, opplevingar og minner du aldri gløymer.
Søk no – og design ditt eige eventyr med reiser, ansvar og nye perspektiv.
Du treng ingen forkunnskapar – berre reiselyst, samarbeidsevne og vilje til å ta ansvar.
Her får du teste deg sjølv i alt frå idé og planlegging til oppleving og deling.
Planlegging og gjennomføring av reiser
Budsjett, tryggleik og ansvar på tur
Kulturforståing og refleksjon
Formidling gjennom blogg, foto og video
Fellesskap og samarbeid i praksis
Vi forventar at du møter med ope sinn, reiselyst og nysgjerrigheit på verda.
Du treng inga erfaring – berre mot til å kaste deg ut i nye eventyr, bidra i planlegginga og vere fleksibel når ting ikkje går heilt etter planen.
Hos oss blir du ein aktiv del av fellesskapet, der samarbeid, utfordringar og opplevingar skaper minner for livet.
Har du drøymt om å reise ut i verda med sekk på ryggen – men lurt på korleis du eigentleg gjer det?
På Wander & Wonder lærer du alt du treng for å planleggje og gjennomføre din eigen reise.
Du får vere med på heile prosessen:
Frå å finne reisemål og leggje budsjett, til å bestille transport, vurdere tryggleik og handtere uventa situasjonar undervegs.
Når du har vore gjennom vårt opplegg, står du stødig – klar til å utforske verda på eiga hand, men med tryggleiken av å vite kva du gjer.
Backpacking handlar ikkje berre om å kome seg frå stad til stad, men om å vere open, fleksibel og nysgjerrig.
På Møre folkehøgskule får du både erfaringa, kompetansen og sjølvtilliten til å gjere draumen din om til verkelegheit.