Velg ditt eventyr – på Møre folkehøgskule

Vil du ha eit år fullt av eventyr, læring og ekte opplevingar?
Hos oss vert verda ditt klasserom — frå Sunnmøre sine dramatiske fjordar og tindar – til gater i Asia, Europa og verda for øvrig.
Her får du utforske det du brenn for, prøve noko heilt nytt og skape minner for livet.

Slik kan året ditt sjå ut

  • Surf & Summit: Surf langs norskekysten og på Bali, klatre i alpine ruter og stå på ski i pudder.

  • Asia Unlocked: Lær språk, smak kultur og reise i Kina og Japan med djupdykk ned i kulturen der.

  • Wander & Wonder: Planlegg og gjennomfør reiser – frå idé til tur – i grupper, med stort ansvar og kreativ friheit.

  • Frame by Frame: Skap film, foto og innhald til SoMe – dokumentér opplevingar både lokalt og på reise.

  • Peaks & Pixels: Kombiner gaming, streaming og strategispel med fjellturar, natur og adrenalinkick.

  • Sea & Soul: Opplev ro og balanse med yoga, padling, mindfulness og reiser uten press og med fellesskap.

Studieturane – magiske høgdepunkt

På studieturane reiser de til nokon av verda sine mest spennande destinasjonar – som Japan, Europa eller Sørøst-Asia (avhengig av linje).
Der får du:

  • Kulturforståing: Møte lokale tradisjonar, menneska og kvardagslivet

  • Ekte læring og refleksjon: Ikkje bare sightseeing, men prosjekt, dykk inn i språk, kunst, samfunn og natur

  • Kreativ fridom: Bruk kamera, fortel historier, eksperimenter med idéar

  • Fellesskapsbygging: Reise saman, dele utfordringar og oppleve venner på tvers av linjer


Kva kan dette året gjere for deg?

  • Du lærer ferdigheiter du tar med deg vidare – språk, kamerabruk, prosjektleiing, friluftskompetanse

  • Du får vekse som menneske: meir sjølvtillit, større perspektiv og kjennskap til verda

  • Du opplever eit fellesskap som støttar deg – både når du eksperimenterer og når du har behov for ro

  • Du får reise og oppleve – fordi du har valgt det, og fordi skulen gir deg verktøya

Bli med og velg ditt år – her får du ei reise utover det vanlege. Søk no, og la eventyret starte!

Linjetype

Linjeval

Pris: 157 900,-

Prisen kan verte endra med inntil 10% fram til nyttår viss forhold utanfor skulen (td prisauke på flybillettar) tilseier det. Den som har takka ja til plass vil få melding om prisendring, og høve til å seie frå seg plassen kostnadsfritt innar 7 dagar etter varel er gitt.

Pris: 164 900,-

Peaks & Pixels // Fjell, Fjord og Gaming

Når gaming møter natur – frå Sunnmørsalpane til Japan.

Er du glad i gaming, men vil òg ut og oppleve ekte natur?
Peaks & Pixels gir deg det beste frå to verdener.
Du får utforske Sunnmørsalpane med fjord, fjell og hav – samtidig som du utviklar deg innan gaming, streaming og digital kultur.

Gjennom året lærer du å spele betre – både teknisk og taktisk.
Vi jobbar med lagspel, kommunikasjon, strategi og innhaldsproduksjon for SoMe.
Du får òg prøve deg på foto, video og redigering, der du kombinerer gaming og kreativ historieforteljing.

Gaming + friluft = balanse
Når du loggar av, har du Sunnmørsalpane rett utanfor døra.
Her ventar fjellturar, toppturar, klatring, surfing og kajakk i spektakulære omgjevnader.
Vi trur på balanse: fokus og samarbeid framfor skjermen – energi, meistring og samhald ute i naturen.

Japan – spelets heimland
Japan-turen er årets høgdepunkt!
I Tokyo dykker vi inn i spelkulturen – frå retroarkadar til moderne e-sportarenaer – og utforskar animé, manga og teknologi.
Deretter reiser vi vidare til fjella for å oppleve puddersnø i verdsklasse og uforgløymelege naturopplevingar.

Fellestur med heile skulen
I november reiser vi saman til varmare strøk – ei veke med sol, aktivitetar og fellesskap på tvers av linjene.

Søk no – og kombiner gaming, fjord og fjell i eit eventyr frå Sunnmøre til Japan.

To båtar fullpakka med elevar frå Midtens Rike på LI elva i Kina
Pris: 157 900,-

Frame by Frame // Story, Film og Foto

Skap di eiga historie – med kamera, kreativitet og kultur.

Vil du ha eit kreativt år fylt med film, foto og sosiale medium – kombinert med reise til Japan og spektakulær natur på Sunnmøre?
Då er Frame by Frame linja for deg.

Her lærer du å fortelje historier gjennom bilde, lyd og video.
Du får opplæring i filmproduksjon, foto, redigering, animasjon og podkast – og jobbar med verktøy som dei proffe brukar.
Gjennom året utviklar du idear frå første skisse til ferdig film, musikkvideo eller reels til SoMe.

Kreativitet + teknologi
Ein viktig del av året handlar om innhald til sosiale medium: reels, stories og korte videoar som engasjerer.
Du lærer å kombinere kreativitet, teknikk og historieforteljing for å nå ut – og bli sett.

Sunnmøre som filmkulisse
Fjord, fjell og dramatisk lys – Sunnmørsalpane gir deg naturkulissar få kan matche.
Vi samarbeider med friluftslinjene, så du får ekte statistar og actionscener frå naturen rundt deg.

Reise til Japan
Eit av årets høgdepunkt er studieturen til Japan:
Opplev animé og manga, moderne mediehus, og kontrastane mellom tradisjonelle Kyoto og hypermoderne Tokyo.
Og i november reiser heile skulen saman til varmare strøk – perfekt pause frå mørketida og ei vitamininnsprøyting for fellesskapet.

Søk no – og skap di eiga historie gjennom film, foto og SoMe!

Pris: 169 900,-

Wander & Wonder // Verda som klasserom

Reis med meining – opplev, forstå og skap ditt eige eventyr.

Vil du reise på ein måte som gir meir enn berre ferie?
Wander & Wonder blir verda klasserommet ditt.
Du planlegg og gjennomfører reiser saman med andre, og lærer korleis opplevingar kan vere både spennande, trygge og meiningsfulle.

Gjennom året jobbar de i grupper med alt frå idé og planlegging til budsjett og gjennomføring.
Du får erfaring med reiseliv, kulturmøte, trygg ferdsel og samarbeid – og lærer å ta ansvar både for deg sjølv og for gruppa.

Studieturen på våren er høgdepunktet:
Ei 3–4 vekers reise der de sjølve vel retning og innhald. Kanskje endar de i Asia og legg inn eit møte med ei av dei andre linjene våre som er på tur der – eller kanskje ender de på ein heilt annan plass?
Reisa blir akkurat så eventyrleg som de gjer ho til!

Fellesturen i november samlar heile skulen til ei veke i varme strøk – perfekt for å bygge fellesskap og starte året med energi og nye vener.

Wander & Wonder passar for deg som vil sjå verda, forstå den – og skape noko saman med andre.
Her får du ansvar, opplevingar og minner du aldri gløymer.

Søk no – og design ditt eige eventyr med reiser, ansvar og nye perspektiv.

Ein gjeng elevar frå Midtens Rike linja hoppar ned ei trapp i den kinesiske mur
Pris: 159 900,-

Asia Unlocked // Språk, Kultur og Mat

Opne døra til Asia – lær språk, smak kultur og opplev verda frå innsida!

Dette er linja for deg som vil kombinere reise, kultur og ekte opplevingar.
Gjennom året får du lære kinesisk og japansk språk, utforske matkultur og forstå korleis tradisjon og moderne liv blir fletta saman i kvardagen.

Du lærer enkle språkferdigheiter, prøver deg på kalligrafi og origami, og dykker inn i animé, manga og japansk popkultur. På kjøkkenet lagar vi sushi, ramen og dumplings – medan vi lærer om historia, menneska og kulturen bak smakane.

Høgdepunktet:
I februar–mars reiser vi på ein tre-fire vekers studietur til Kina og Japan.
Du kan du få oppleve Tokyo, Kyoto, Beijing og Shanghai – frå lyntog og templer til marknader og moderne byliv. Turen blir laga spesielt for kvart årskull!

Ekte møter, ekte kultur – og minner for livet.

Bonus:
I november reiser heile skulen saman på Møreturen – ei veke i varme strøk med sol, aktivitetar og nye venner frå alle linjer.

Frå Sunnmørsalpane til Asia
Skulen ligg i Ørsta, omgitt av dei majestetiske Sunnmørsalpane.
Her utforskar vi også nærområdet med turar, matlaging og overnatting på hytte – før eventyret tek oss vidare ut i verda.

Søk på linja – og opplev Asia frå innsida: ekte kultur, ekte møter, ekte eventyr.

Tre elevar frå FIT linja på klatretur i ein fjellvegg
Pris: 164 900,-

Vil du kjenne på energi, fellesskap og meistring – både i naturen og i hallen? Pulse & Power er linja for deg som likar å vere i bevegelse, prøve nye aktivitetar og finne gleda i å trene saman med andre.

Gjennom året får du variert og inspirerande trening: styrke, kondisjon, ballspel, yoga, sirkeltrening og basistrening som gir overskot og god stemning. Vi kombinerer dette med friluftsliv, klatring, kajakk, toppturar og andre utfordringar ute i Sunnmørsnaturen.

Målet er ikkje å bli best, men å kjenne framgang på ditt eige nivå – og oppleve kor gøy det er å vere aktiv saman. Du får tett oppfølging av engasjerte lærarar som ser deg og hjelper deg å utvikle deg, uansett utgangspunkt.

Høgdepunktet er den fire veker lange studieturen til Thailand, der du får ein miks av tropisk friluftsliv, idrett, velvære og fellesskap. Her blir det snorkling, strandvolleyball, yoga, zipline, jungelturar og nye opplevingar kvar dag.

Som elev får du òg vere med på Møreturen, den felles skuleturen i november der heile skulen reiser til varmare strøk for ei veke med sol, aktivitetar og sosialt fellesskap.

Søk no – og få eit år fullt av puls, power og opplevingar for livet.

Pris: 164 900,-

Med Friluftsliv // Sunnmørsalpane & Hoddevika opplever du det beste av norsk natur på Nordvestlandet – utan å reise langt! Her får du eit år fylt med spektakulære fjordar, rå fjell og kystlandskap som tek pusten frå deg. Du vil bli med på alt frå surfing på strendene, klatring i fjella, toppturar og skikøyring, til overnatting ute under stjernene. Vi gir deg praktiske ferdigheiter i trygg ferdsel og friluftsliv som varer livet ut. Perfekt for deg som vil oppleve ekte natur og eventyr utan å sprenge budsjettet!

Linjeval haust

Linjeval vår

Pris: 89 000,-

Multisport X // Thailand (vår 25) er ei halvårslinje som tek deg med først til Thailand og Abu Dhabi i 3-4 veker og så ei veke til Sälen og Trysil for å stå på ski når du kjem heim! Kan det bli bedre?

 

Glade Friluftsliv X elevar bader i eit fossefall
Pris: 89 000,-

Friluftsliv X // Bali er også ei halvårslinje.  På våren reiser halvårslinja åleine.

Du kan no søke på halvårslinja «Friluftsliv X // Bali, vår 2026»!  Du får svar umiddelbart!!!

 

Kost og losji

Romtype

Vi har eit avgrensa tal på enkeltrom på skulen. Desse blir fordelte etter søknad.

Diett

Vi tilbyr spesialkost mot tillegg i prisen.

Lån & stipend

Basislån

Som elev hjå oss kan du få basislån frå Lånekassen i inntil ti månader. Inntil 40 prosent av lånet kan bli stipend.

Din kostnad

Linjekostnad
(inkluderer kost/losji/fellsturar/ -opplegg og studietur på linja m.m.)
{{ program_total | separateSpace }}
Ikkje valt
Romvalg
{{ room_total | separateSpace }}
Diett
{{ diet_total | separateSpace }}

Samla kostnader
{{ grand_total | separateSpace }}
Stipend
{{ stipend_total | separateSpace }}
Lån
{{ loan_total | separateSpace }}

Summen du må dekke sjølv
{{ checkout | separateSpace }}

Klar for eit år du aldri vil gløyme?

Velkomen til eit spennande, sosialt og lærerikt skuleår, fyllt med utfordringar og opplevingar!