Tenk deg dette:
Du står på ein fjelltopp over fjorden. Sola går ned bak Sunnmørsalpane. Rundt deg står venene du har opplevd meir med på eitt år enn mange gjer på eit heilt liv.
Dette er ikkje ferie.
Dette er kvardagen på Møre folkehøgskule.
Hos oss bur og lever du midt mellom fjord, fjell og surfestrender på Sunnmøre. Dagane er fulle av aktivitetar, nye utfordringar og opplevingar du ikkje finn i eit vanleg skuleår.
Du får:
Ekte opplevingar – frå fjell og hav til studieturar ute i verda
Meistring og utvikling – oppdag kva du faktisk kan få til
Sterkt fellesskap – venner du ler, reiser og deler livet med
Reiser med meining – opplev verda og lær å ta vare på ho
Du kjem hit for eitt år.
Men du reiser heim med minne, vennskap og erfaringar som varer mykje lenger.
Med perfekt plassering midt i Sunnmørsalpane ventar eit år fullt av energi, aktivitetar og gode folk.
Opplev pulserande internatliv, utanlandsreiser til varme strøk og eit miljø der alle får plass – uansett bakgrunn, tru eller ambisjonar.
Vi har ein timeplan med mange valgfag og eit stort utval av tema å velge mellom. Er du den kreative og kunstneriske? Eller er du meir den som liker fysisk aktivitet og utfordringer? Vi har noko for alle, og det er kanskje spesielt spennande og utfordrande å prøve noko du aldri har gjort før?
Berekraft og opplevingar, hand i hand! Vi har alle eit ansvar for at framtida skal vere bra for dei som kjem etter oss. På Møre folkehøgskule handlar berekraft om å forstå livet i andre land, samtidig som vi blir bevisste på korleis vi kan bidra til ei berekraftig framtid.
Vårt motto? «Vi reiser med meining». Berekraft er ikkje berre å kutte CO2 – det handlar om å bygge forståing mellom folk og kulturar.
Har du gått på Møre folkehøgskule, er du elev no – eller skal du starte til hausten? Då kan du invitere ein venn til å søkje, og få vervebonus når vennen startar hos oss.
Folkehøgskuleåret blir endå betre når du deler det med nokon. Difor gir vi vervebonus til deg som anbefaler skulen til ein venn som faktisk startar.
Når den du verver får plass, betaler innmeldingsavgifta og angrefristen på 14 dagar er ute, får de 1000 kroner kvar.
Du kan verve fleire — bonus gjeld per elev.
Mellom 40% og 50% av elevane dei to siste skuleåra søkte om å få vere på skulen eit år til som stipendiat. Det tyder vel på at dei hadde hatt eit godt år på Møre folkehøgskule?