Linjer

På Møre folkehøgskule kan du velge! Lange eller mange turar? Nord for det meste eller sør for dei fleste? Du får meir variasjon, fleire opplevingar… og venner for livet! Velg ei heilårlinje med ein lang studietur eller sett saman året ditt med to halvårslinjer… og kanskje to turar?

Linjetype

Linjeval

Pris: 184 900,-

Velkomen til Frilufsliv maX // Svalbard og fastlandet! Her får du verkeleg oppleve det beste av det Norge har å by på!  Denne linja kostar nok meir enn dei fleste andre, men vi lovar at opplevingane står i stil med prisen!

Tanken bak linja er å vise alt vi har å by på innanfor landegrensene. Vi treng ikkje reise til andre sida av jorda for å få opplevingar som vi garantert aldri gløymer! Og sjølv om vi kostar på oss ei flyreise til Svalbard er det no greitt av vi på dei andre reisene er miljøvenlege og reduserer Co2-utselppa våre med å reise med buss og tog?

Topptur på ski og til fots, besøk både i landskjende alpinanlegg og bortgøymde perler, kiting, klatring, downhill- og terrengsykling, surf og det vi elles måtte finne av spennande opplevingar står på planen. Blir du med oss?

 

Pris: 134 900,-

Med Friluftsliv // Sunnmørsalpane & Hoddevika opplever du det beste av norsk natur på Nordvestlandet – utan å reise langt! Her får du eit år fylt med spektakulære fjordar, rå fjell og kystlandskap som tek pusten frå deg. Du vil bli med på alt frå surfing på strendene, klatring i fjella, toppturar og skikøyring, til overnatting ute under stjernene. Vi gir deg praktiske ferdigheiter i trygg ferdsel og friluftsliv som varer livet ut. Perfekt for deg som vil oppleve ekte natur og eventyr utan å sprenge budsjettet!

Pris: 177 900,-

Er du klar for å reise ut i verda, oppleve nye kulturar og samtidig lære å planleggje eigne eventyr? På Reis og opplev // Europa og Asia får du sjansen til å utvikle ferdigheiter som reiselivsplanlegging, kulturforståing og personleg vekst – alt mens du reiser til unike destinasjonar i både Europa og Asia. Det beste? Du vel sjølv om du vil vere med på éin eller begge turane!

Gjennom året får du ikkje berre fantastiske reiseopplevingar, men du vil også bli del av det magiske folkehøgskulelivet – med vennskap, internatliv og eit fellesskap du vil hugse for alltid. Om du drøymer om å sjå verda, utvikle deg sjølv og få minner for livet, er denne linja for deg. Klar for å bli med?

cof
Ein gut sit og spelar gitar saman med to medelevar på internatet på Møre Folkehøgskule
Pris: 137 900,-

På denne linja tar vi oss ekstra god tid! Her får du oppleve litt av det meste og mykje av det beste! Du lærer å bu på internatet og ta vare på deg sjølv og andre. Fellesskap og opplevingar som alle kan vere med på er i fokus. Det er derfor linja heiter folkehøgskuleliv!

Dette er linja der alt blir dekka av studielånet! Og når du er ferdig får du gjort om 40% av lånet til stipend viss du har minst 90% oppmøte gjennom året. Det er  vel ein bra deal?

Ta gjerne kontakt om du lurer på noko eller har behov for særskild tilrettelegging. På linja Folkehøgskuleliv // Gran Canaria får vi det til!

Pris: 154 900,-
Lyst på eit skuleår fylt med action og eventyr, både her i Noreg og ute i verda? På Multisport X // Thailand får du det beste av begge delar! Du tilbringer 3-4 veker i solfylte Thailand med varme, kule aktivitetar og uforgløymelege opplevingar medan vinteren herjer heime. Når du kjem tilbake, venter ei veke på ein av dei største alpindestinasjonane, med ski eller snowboard i nokre av dei råaste bakkane. I tillegg venter friluftsliv og alt frå kampsport til massasje, dykking og personleg trening gjennom heile året!

Prisen dekkjer mat og opphald, lokale utflukter med klassa eller heile skulen, velkomst – og avslutningstur med overnatting , og studieturar til både Thailand og skidestinasjonar i Noreg eller Sverige. På turane får du minst to måltid dagleg – resten er opp til deg og lommepengane dine! Er du klar for eit år fullt av fart, spenning og nye opplevingar?

Når du er elev hos oss får du støtte frå Lånekassa. For skuleåret 2024/2025 kan du få inntil kr. 137 907 frå Lånekassa. 60 % av dette er lån, medan 40% (Kr 55 163) blir gjort om til stipend når du får godkjent skuleåret! Nye tal for skuleåret 2025/2026 kjem i desember når statsbudsjettet er klart.

.

Ei kvinne som trekkes over vatten på Wakeboard
Pris: 184 899,-

Prisen inkluderer alt av aktivitetar som sufring, klatring, topptur til fots og på ski, ski i alpinanlegg, kiting og  fallskjermkurs! Legg til studieturar til Bali på hausten og Thailand på vinteren, så ser du at dette virkelig blir eit år du aldri gløymer! . Om du vil, kan du velje bort ein av turane. Linjeprisen blir då redusert. Kontakt skulen om du har spørsmål om dette!

Glade Friluftsliv X elevar bader i eit fossefall
Pris: 154 900,-

Linja «Friluftsliv X // Bali» byr på allsidig friluftsliv på Nordvestlandet og på Bali!  Surfing, havpadling, klatring og skiturar gir deg opplevingar du vil minnast resten av livet. I tillegg skaper du venskap som vil vare langt utover studieåret!

På Bali blir du også med på frivillig arbeid for å berge dei fantastiske korallreva frå øydelegging. Då gjer du noko viktig samstundundes som du får opplevingar du aldri kjem til å gløyme!

Når du er elev hos oss får du støtte frå Lånekassa. Summen blir klar år statsbudsjettet blir vedteke i desember. 60 % av støtten er lån, medan 40% blir gjort om til stipend når du får godkjent skuleåret!

 

Gruppebilde av elevar frå Midtens rike foran tempel i Kina
Pris: 154 900,-

Er du fascinert av Østen? Klar for eit år fullt av eventyr, der du får oppleve dei mest spennande sidene av Kina og Japan? På Midtens Rike // Kina & Japan får du dykke djupt inn i kulturen, språket og historia til desse to unike landa. Vi fokuserer på å gjere dei råaste opplevingane saman, som å gå på Den kinesiske mur, utforske templa i Kyoto, eller møte pandaer – alt på ein berekraftig og miljøvennleg måte.

Linja er perfekt for deg som er nysgjerrig på Asia og vil lære meir om Kina, verdas eldste sivilisasjon, med sin rike kulturhistorie og veksande økonomi. Du får også sjansen til å dykke inn i Japan, der teknologi møter eldgamle tradisjonar, og du kan oppleve både hypermoderne Tokyo og rolege, tradisjonelle landsbyar.

Gjennom året skal vi reise saman, utforske verda og lære korleis vi kan vere ansvarlege reisande, og gjere ein positiv forskjell der vi drar. Med eit solid fokus på FN sine berekraftsmål, vil du ikkje berre oppleve nye kulturar, men også lære korleis vårt besøk påverkar både menneske og miljø. Klar for å oppleve verda på ein heilt ny måte? Dette er året for deg!

Når du er elev hos oss får du støtte frå Lånekassa. For skuleåret 2024/2025 kan du få inntil kr. 137 907 frå Lånekassa. 60 % av dette er lån, medan 40% (Kr 55 163) blir gjort om til stipend når du får godkjent skuleåret.  Nye tal for skuleåret 2025/2026 kjem i desember når statsbudsjettet er vedtatt.

 

Pris: 145 900,-

Finn di eiga stemme – og dine eigne rim

 

Alle kan lære å rappe. Du treng ikkje å kunne synge eller vite så mykje om musikk. Du treng ikkje å ha rappa før. Du treng berre lyst og interesse, og kanskje litt hjelp frå ein ekte rappar som har gjort det lenge?

For skuleåret 2025 – 2026 kan DU oppleve dette på Møre folkehøgskule. Du kan få stadfesta din studieplass allereie 15. november!

Når du er elev hos oss får du støtte frå Lånekassa. Når du har fullført eit studieår hos oss får du omgjort 40% av studielånet for det året til stipend!

Gut frå animasjonslinja smilar mot kamera saman med 4 kvinner i japan
Pris: 144 900,-

Klar for å utforske ei verd der kreativiteten din får fritt spelerom? Å gå på animasjonslinja på Møre folkehøgskule er som å tre inn i eit univers der du kan sjå ideane dine bli til liv! Her lærer du korleis du kan lage alt frå enkle korte snuttar til meir avanserte animasjonar, enten du vil teikne for hand, bruke digital teknologi, eller prøve stop-motion.

Du får sjansen til å lage dine eigne prosjekt, jobbe med kule verktøy og apper, og kanskje til og med lage din eigen minifilm! Frå å planlegge scener til å sette saman musikk og lydspor, får du full kreativ kontroll. Det beste? Du får dele dette med andre og kanskje vise fram animasjonen din på festivalar eller konkurransar.

Om du diggar å fortelje historier, eksperimentere med kunst og teknologi, eller drøymer om å jobbe innan film, spill eller media, er animasjonsfaget den perfekte måten å utfordre seg sjølv – og ha det sjukt gøy samtidig! Og berre for å ha sagt det: Studieturen går til Japan når vi kjem ut på vinteren her heime…

Studiet blir no fornya og DU kan vere sikra plass på Animasjon // Japan for skuleåret 2025-2026 allereie frå 15. november!

 

Linjeval haust

Pris: 89 900,-

Velkommen til Friluftsliv ++ // Norge og Svalbard ved Møre folkehøgskule! Her får du oppleve alt det beste Norge har å by på – frå nord til sør, inkludert ein spektakulær tur til Svalbard. Linja gir deg eit heilt år fylt med fartsfylte aktivitetar, adrenalinkick og naturopplevingar som du aldri vil gløyme.

Pris: 69 900,-

Opplev det beste av norsk natur på Nordvestlandet – utan å reise langt! Her får du eit år fylt med spektakulære fjordar, rå fjell og kystlandskap som tek pusten frå deg. Du vil bli med på alt frå surfing på strendene, klatring i fjella, toppturar og skikøyring, til overnatting ute under stjernene. Vi gir deg praktiske ferdigheiter i trygg ferdsel og friluftsliv som varer livet ut. Perfekt for deg som vil oppleve ekte natur og eventyr utan å sprenge budsjettet!

 

Ein gut sit og spelar gitar saman med to medelevar på internatet på Møre Folkehøgskule
Pris: 69 000,-

Sjølv om det kan kjennast skummelt å starte på folkehøgskule, er Folkehøgskuleliv // Gran Canaria den perfekte linja for deg som vil prøve noko nytt i ditt eige tempo. Her handlar det om å oppleve alt som folkehøgskulen har å by på, utan at du treng å vere den tøffaste eller modigaste frå starten. Gjennom året får du sjansen til å byggje sterke venskap, oppleve spanande reiser, og bu på internat der fellesskap står i sentrum. Sammen skal vi finne ut kva det betyr å bu og leve saman, vekse som menneske og skape minner du vil ha med deg resten av livet. Er du usikker? Det er heilt normalt – vi tar det steg for steg saman!

Ein gut sit og spelar gitar saman med to medelevar på internatet på Møre Folkehøgskule

Pris: 65 000,-

«Multisport X // Thailand»  (tidlegare FIT // Thailand) gir deg det beste frå to verdenar – actionfylt idrett og episk friluftsliv både heime i Noreg og ute i verda! Sjå for deg 3-4 veker i Thailand med strand, varme og spennande eventyr medan kulda herjar heime. Når du kjem heim, venter ei veke i Sälen, Trysil eller ein annan av dei råaste alpindestinasjonane i Norden. Perfekt kombinasjon for både kropp og sjel – klar for å gi alt?

Ei kvinne som trekkes over vatten på Wakeboard
Pris: 95 000,-

Hausthalvåret inkluderer lang studietur til Bali og alle aktivitetar i Norge.

Glade Friluftsliv X elevar bader i eit fossefall
Pris: 85 000,-

FX // Bali har dei siste åra vore vår mest populære linje! Vi har sidan oppstarten sendt fleire hundre elevar på ein tur som gir opplevingar og minne for livet. I år er turen betre enn nokon gong! Opplev rått friluftsliv på Nordvestlandet og Bali – perfekt for deg som vil utfordre deg sjølv. Frå surfing på bølgene til klatring i majestetiske fjell og heftige skiturar, blir kvar dag eit nytt adrenalinkick. På Bali får du også sjansen til å gi noko tilbake:  Vi bidreg der det verkeleg trengs, noko som gir meining i tillegg til all actionen. Gjør deg klar for episk kameratskap og opplevingar du aldri vil gløyme – både i naturen og med nye venner!

Gut frå animasjonslinja smilar mot kamera saman med 4 kvinner i japan
Pris: 67 000,-

Bruk tid på det som interesserer deg, lær om animasjon og opplev Japansk (animasjons) kultur i eit år du aldri gløymer!

Linja «Animasjon// Japan» byr på allsidig kunnskap og læring om både klassisk og digital animasjon. Målet er å få innsikt i hemmeligheitene bak teiknefilmen sine mysterium. Gjer dine idèar og teikningar levande!

Linjeval vår

Pris: 99 900,-

Vårsemesteret inkluderer tur til Svalbard i siste del av april

Pris: 69 900,-

Opplev det beste av norsk natur på Nordvestlandet – utan å reise langt! Her får du eit år fylt med spektakulære fjordar, rå fjell og kystlandskap som tek pusten frå deg. Du vil bli med på alt frå surfing på strendene, klatring i fjella, toppturar og skikøyring, til overnatting ute under stjernene. Vi gir deg praktiske ferdigheiter i trygg ferdsel og friluftsliv som varer livet ut. Perfekt for deg som vil oppleve ekte natur og eventyr utan å sprenge budsjettet!

 

Ein gut sit og spelar gitar saman med to medelevar på internatet på Møre Folkehøgskule
Pris: 69 000,-

Sjølv om det kan kjennast skummelt å starte på folkehøgskule, er Folkehøgskuleliv // Gran Canaria den perfekte linja for deg som vil prøve noko nytt i ditt eige tempo. Her handlar det om å oppleve alt som folkehøgskulen har å by på, utan at du treng å vere den tøffaste eller modigaste frå starten. Gjennom året får du sjansen til å byggje sterke venskap, oppleve spanande reiser, og bu på internat der fellesskap står i sentrum. Sammen skal vi finne ut kva det betyr å bu og leve saman, vekse som menneske og skape minner du vil ha med deg resten av livet. Er du usikker? Det er heilt normalt – vi tar det steg for steg saman!

Ein gut sit og spelar gitar saman med to medelevar på internatet på Møre Folkehøgskule

Pris: 89 000,-

 

 

Ei kvinne som trekkes over vatten på Wakeboard
Pris: 95 000,-

Vårhalvåret inkluderer lang studietur til Thailand og alle aktivitetar i Norge.

Glade Friluftsliv X elevar bader i eit fossefall
Pris: 85 000,-

FX // Bali har dei siste åra vore vår mest populære linje! Vi har sidan oppstarten sendt fleire hundre elevar på ein tur som gir opplevingar og minne for livet. I år er turen betre enn nokon gong! Opplev rått friluftsliv på Nordvestlandet og Bali – perfekt for deg som vil utfordre deg sjølv. Frå surfing på bølgene til klatring i majestetiske fjell og heftige skiturar, blir kvar dag eit nytt adrenalinkick. På Bali får du også sjansen til å gi noko tilbake:  Vi bidreg der det verkeleg trengs, noko som gir meining i tillegg til all actionen. Gjør deg klar for episk kameratskap og opplevingar du aldri vil gløyme – både i naturen og med nye venner!

Gut frå animasjonslinja smilar mot kamera saman med 4 kvinner i japan
Pris: 80 000,-

Bruk tid på det som interesserer deg, lær om animasjon og opplev Japansk (animasjons) kultur i eit år du aldri gløymer!

Linja «Animasjon// Japan» byr på allsidig kunnskap og læring om både klassisk og digital animasjon. Målet er å få innsikt i hemmeligheitene bak teiknefilmen sine mysterium. Gjer dine idèar og teikningar levande!

Kost og losji

Romtype

Vi har eit avgrensa tal på enkeltrom på skulen og kan ikkje garantere at du får dette.

Diett

Lån & stipend

Basislån

Som elev hjå oss kan du få basislån frå Lånekassen i inntil ti månader. Inntil 40 prosent av lånet kan bli stipend.

Din kostnad

Linjekostnad
(inkluderer kost/losji/fellsturar/ -opplegg og studietur på linja m.m.)
{{ program_total | separateSpace }}
Ikkje valt
Romvalg
{{ room_total | separateSpace }}
Diett
{{ diet_total | separateSpace }}

Samla kostnader
{{ grand_total | separateSpace }}
Stipend
{{ stipend_total | separateSpace }}
Lån
{{ loan_total | separateSpace }}

Summen du må dekke sjølv
{{ checkout | separateSpace }}

Klar for eit år du aldri vil gløyme?

Velkomen til eit spennande, sosialt og lærerikt skuleår, fyllt med utfordringar og opplevingar!