Den originale Bali-linja – sidan 2017!
Frå spisse tindar til tropiske strender 🌴
På Surf & Summit får du kontrastane berre Møre folkehøgskule kan tilby: toppturar og puddersnø i Sunnmørsalpane – kombinert med surfing, kultur og eventyr på magiske Bali.
Her lærer du å klatre, surfe og stå på ski – trygt, utfordrande og heilt utruleg gøy.
Du treng ikkje erfaring – vi bygger deg opp frå nybyrjar til vidarekomen, med fokus på teknikk, tryggleik og meistring.
Eit år fullt av variasjon:
Toppturar til fots og på ski/splitboard
Klatring inne og ute
Surfing på Stad og på Bali
Fridykking, snorkling og vulkantrekking
Yoga, skating og strandliv
Overnatting i telt, hengekøye – eller under stjernene
Dette er året der du testar grensene dine, kjenner adrenalinet – og finn roen på same tid.
Du kjem heim med venner for livet, historier du ikkje får frå skjermen – og minner som varer.
Bonus:
Heile skulen reiser på Møreturen i november – ei veke i varme strøk med aktivitetar, fellesskap og nye venner frå alle linjer.
Søk no – og bli med på Bali-linja: tindar, bølgjer og eventyr for livet!
Bratte fjell, djup snø og utsikt du aldri gløymer.
Du går til fots om hausten og våren – og på ski når vinteren kjem.
I Sunnmørsalpane lærer du om skredfare, trygg ferdsel og korleis du finn dei beste linjene – både i pudder og på bre.
Fjord, fjell og stillheit.
Utforsk kysten med havkajakk og fjordpadling – og lær teknikk, tryggleik og miljøomsyn undervegs.
Ein dag padlar du mellom høge fjell; neste dag kanskje i solnedgang på speilblank fjord.
Fang bølgjene i Hoddevika, Ervika – og til slutt på legendariske Bali!
Du får kyndig opplæring, frå dei første forsøka på brettet til vidarekomne surfsessions i tropisk paradis.
Advarsel: Surfing kan bli vanedannande. 🌴
Bli trygg på veggen – inne og ute.
Ta brattkort, lær sikring og test Via Ferrata i Loen og fleire luftige klatreruter med episk utsikt.
Høg puls, frisk luft og ekte meistring.
Strandafjellet, pudder og frikøyring.
Her får du oppleve vinterens beste dagar – og lære om skred, vurdering og trygg ferdsel.
Du blir både sikrare og råare for kvar tur.
Telt, hengekøye, lavvo – eller under stjernene.
Du lærer å lage mat på bål, halde varmen, og meistre naturen i alle årstider.
Ekte friluftsliv, ekte fellesskap.
Fjellsikkerheit og skredkunnskap – trygg ferdsel og vurdering i krevjande terreng.
Natur og miljø – korleis leve berekraftig og la naturen spire vidare.
Førstehjelp i friluftsliv – øving i realistiske situasjonar ute i felt.
Dette er linja for deg som vil utfordre deg sjølv, oppleve ekte natur og skape minner som varer.
Søk no – og bli med på eit eventyr mellom tindar, bølgjer og stjerner
Vi startar hausten med ein bli kjent tur på ei hytte i Sunnmørsalpane for heile skulen. I november reiser også heile skulen på tur sammen. No er målet eit varmare land der vi blir kjent med medelevane og folkehøgskuleeventyret verkeleg startar.
Høgdepunktet for mange er linjeturen til Bali mellom vinterferien og påske. Når vi kjem heim derifrå venter det dei som har opplevde det kallar «gull-tida» for skikøyring i Sunnmørsalpane. Tar du sjansen på å ikkje oppleve dette?
Linja er perfekt for deg som vil teste grenser ute i naturen. Frå null erfaring til godt trent – alle får utfordringar og mestring på sitt nivå.