Har du gått på Møre folkehøgskule, er du elev no – eller skal du starte til hausten? Då kan du invitere ein venn til å søkje, og få vervebonus når vennen startar hos oss.
Folkehøgskuleåret blir endå betre når du deler det med nokon. Difor gir vi vervebonus til deg som anbefaler skulen til ein venn som faktisk startar.
Når den du verver får plass, betaler innmeldingsavgifta og angrefristen på 14 dagar er ute, får de 1000 kroner kvar.
Du kan verve fleire — bonus gjeld per elev.
Kven kan få vervebonus?
-
Noverande elevar
-
Tidlegare elevar
- Dei som har takka ja til plass komande skuleår
Slik gjer du det
Steg 1 – Del tipset
- Fortel ein venn om skulen og linjene våre.
Steg 2 – Vennen søker
- Vennen sender søknad om plass.
Steg 3 – Registrer vervar
- Vennen oppgir namnet ditt i søknaden eller i verve-skjemaet.
Steg 4 – De får bonus
- Når plassen er stadfesta, innmeldingsavgifta betalt og angrefristen ute, betaler vi ut bonus til begge.
Klar til å verve?
Registrer tipset ditt her — det tek under eitt minutt.


