Escape Møre blir eit felles høgdepunkt for alle linjene
Møre folkehøgskule går no inn i ein ny fase av utviklinga si. Frå skuleåret 2026–2027 får heile skulen ein tydlegare felles struktur der fellesskapet mellom linjene blir sett i sentrum. Målet er å skape eit endå sterkare sosialt miljø – på tvers av interesser, fag og reisemål.
– Vi har hatt fleire år med mykje linjefokus og mange ulike aktivitetar. No ønskjer vi å binde dette saman og løfte fram det som gjer Møre heilt spesielt: at vi er éin skule, éin gjeng og éin fellesskap, seier rektor Rune Hovde.
Escape Møre – eit symbol på samhald
Som eit konkret grep blir den nye felles utanlandsturen Escape Møre eit sentralt element i den nye strukturen. Turen skal gjennomførast mellom oktober og desember, og samla alle elevane – uavhengig av linje – til ei felles oppleving i varmare strøk.
– Escape Møre handlar ikkje berre om sol og eventyr, men om å reise saman som skule. Vi skal oppleve noko nytt, utfordre oss sjølve og bli betre kjent på tvers av linjene. Fellesskapet som blir skapt der, varer heile året, seier Hovde.
Sterkare felles identitet
Dei ulike linjene – frå Surf & Summit til Sea & Soul – vil framleis ha sine eigne særpreg og reiser, men det felles prosjektet skal bidra til å knyte alt saman. Elevane skal kjenne at uansett kva linje dei går på, er dei ein del av Møre-fellesskapet.
– Når elevane kjem heim frå Escape Møre, vil dei ha eit felles minne og eit sterkare “vi”. Det gir oss betre trivsel, meir samarbeid og ein kultur som varer, seier Hovde.
Byggjer vidare på styrkane våre
Endringa kjem som del av eit større strategiarbeid der Møre folkehøgskule har gått gjennom heile linjeporteføljen og samla skulen rundt felles verdiar: ekte opplevingar, ekte fellesskap og ekte vekst.
– Vi skal halde fram med å tilby varierte linjer og spennande reiser, men med tydelegare struktur og meir felleskap på tvers. Dette er Møre slik vi vil vere i framtida, seier Hovde.

