Sjølv om Møre folkehøgskule ikkje har musikk-linje prøvar vi å halde liv i songgleda og gode norske songtradisjonar. Vi syng på alle morgonsamlingar og før middag kvar dag. Utover året skal vi også med jamne mellomrom utfordra heile elevflokken på å øve inn og lære korsongar. Vi unner alle den gode opplevinga det er å bruke si eiga stemme, lære å meistre magemusklar og pust for å bli ein del av klangen i songfellesskapet. Dette kan by på magiske opplevingar! Hilde Maria står i spissen med sine solide kunnskapar om korsong og musikk. Fram mot jul siktar vi på å lære tradisjonelle julesongar, og så blir det nytt stoff utover året, og i alle fall ei framføring når vi møter foreldre og føresette på tampen av skuleåret i mai.