Kvart år i april blir «Spenningskurset» arrangert på Bjorli. Dette er ei veke der folk med behov for spesiell tilrettelegging kan møtest og ha det kjekt saman i skibakken og på sitt eige «after-ski» på kveldane.
Møre Folkehøgskule har sidan starten vore med og arrangert Spenningskurset. Elevar og lærarar stiller opp og deltek med liv og lyst og gjer dette til ei oppleving for deltakarane år etter år. «Meiningsfyllt og veldig artig» er tilbakemeldingane som kjem både frå arrangørar og deltakarar!
Å vere elev på folkehøgskule inneber å innsjå at det ein seier, gjer og er, betyr noko både for ein sjølv og andre. Spenningskurset viser dette til fulle!
Reportasjen i lenkja her er frå «Norge Rundt» som var til stades i april i år og snakka med deltakarar og instruktørar! Gå til innslag 5. i videoen så ser du kva det handlar om! Norge Rundt – Spenningskurset – NRK TV
Viss du vil vere med på slike opplevingar kan du søkje om plass frå hausten på denne lenkja:
Møre Folkehøgskule – Søknad | Folkehøgskole (folkehogskole.no)