Norge og norsk natur har svært mykje å by på. Møre folkehøgskule si nye linje frå hausten 2020 «Ekspedisjon Norge» har mangfaldet i norsk natur som klasserom. I skulen sitt nærområde, og til dels i gangavstand frå skulen, ligg Sunnmørsalpane med alpine toppar som lokkar med store opplevingar og fantastisk utsikt til alle årstider.
Stadlandet har nokre av Norges flottast surfestrender med sjø, bølger og vakker natur. Jotunheimen, Hardangervidda og Strandafjellet og Tafjordfjella gir andre utfordringar og inntrykk. På denne linja får du omfattande opplæring i klassisk friluftsliv med padling både på sjø og i elv, fokus på ski og skiteknikk gjennom heile vinteren, kiting, surfing og brettaktivitetar både i skatehall og i skibakken. Ørsta har også ny stor klatrehall som skulen brukar flittig. I tillegg skal vi seile med lokale treskuter.
Ekspedisjon Norge er vår første satsing på ei linje som skal bidra til å minke vårt økologiske fotavtrykk, og det er derfor ikkje lange flyreiser på programmet. Dette går inn i skulen sin klimaplan der målsettinga er å arbeide i tråd med FN sine berekraftsmål. Velkomen til å blir kjend med naturen i ditt eige heimland, store og mange naturopplevingar og spennande aktivitetar!