For første gang er fallskjermkurs eit av tilboda ved Møre folkehøgskule! I samarbeid med Fønix fallskjermklubb på Molde er fallskjermhopp ein del av linja eXtremsport // Bali & Thailand som er eit nytt tilbod ved skulen. Dette er ei linje som tek alt eit steg vidare…men heile tida innanfor trygge rammer. Respekt for risiko er ein viktig lærdom å ta med seg frå ei ekstremsportlinje, og det er nettopp det skulen ønskjer å tilby elevane. Denne linja har elles både toppturar med og utan ski på beina, surfing i vårt lokale paradis Hoddevika og på Bali, dykking og klatring i Thailand og skikøyring i Sälen og Trysil på programmet. Med andre ord: Dei som kjem inn på denne linja får verkeleg opplevingar dei aldri gløymer!