Nye linjer – nytt eventyr for Møre folkehøgskule.

Sju heilt nye linjer, felles utanlandstur og eit meir samla skuleår frå hausten 2026.

Møre folkehøgskule går inn i framtida med eit sterkt og moderne linjetilbod for skuleåret 2026–2027. Etter over 125 år med folkehøgskuletradisjon og mange populære linjer innan reise, friluftsliv, idrett og kultur, lanserer skulen no sju heilt nye linjer som speglar både dagens ungdom og framtidas folkehøgskule.

– Dette er ei fornying som både byggjer på røtene våre og peikar tydeleg framover, seier rektor Rune Hovde. – Vi ønskjer å gi ungdommar eit år med ekte opplevingar, fellesskap og læring – frå Sunnmørsalpane til verda.


Sju linjer – eitt mål: å oppleve, lære og leve

Dei nye linjene kombinerer reiselyst, meistring og kreativitet på måtar som passar dagens ungdom. Frå toppturar og surfing til gaming, filmproduksjon og yoga – alle finn noko som gir meistring, energi og opplevingar for livet.

  • Surf & Summit // Topptur, Klatring og Surf
    Den originale Bali-linja får nytt liv – no med sterkare fokus på kontrastane mellom tindar og tropiske strender. Frå puddersnø på Sunnmøre til surfing på Bali.

  • Pulse & Power // Friluftsliv, Idrett og Trening
    Ei energisk linje for deg som vil vere aktiv, men utan prestasjonspress. Kombiner fjellturar, ballspel og trening med studietur til Thailand.

  • Asia Unlocked // Språk, Kultur og Mat
    Lær språk, smak kultur og opplev Asia frå innsida – i Kina og Japan. Ei vidareføring av skulen si lange reisehistorie i Asia.

  • Wander & Wonder // Verda som klasserom
    Planlegg og gjennomfør reiser sjølv – frå idé til gjennomføring. Ei linje for dei som vil reise med ansvar, refleksjon og eventyrlyst.

  • Frame by Frame // Story, Film og Foto
    Skap di eiga historie gjennom film, foto og SoMe. Kombiner Sunnmørsnatur og kreativ produksjon – med reise til Japan som inspirasjon.

  • Peaks & Pixels // Fjord, Fjell og Gaming
    Ein heilt ny og unik kombinasjon av gaming, streaming og friluftsliv. Opplev Japan sitt gamingunivers og snøparadis på same tur.

  • Sea & Soul // Kropp, Sinn og Balanse
    Ei linje for deg som vil finne ro, energi og fellesskap – med yoga, padling og reise til sol og varme i Europa.


Felles utanlandstur for første gong: Møre Escape

For første gong i skulen si historie får alle elevar reise på ein felles utanlandstur i novemberMøre Escape.
Heile skulen reiser då til varme strøk for ei veke med sol, aktivitetar og fellesskap på tvers av linjene.

– Dette blir ein ny tradisjon, seier rektor Hovde. – Det er noko heilt spesielt når 70–80 ungdommar får dele opplevingar utanfor klasserommet. Det byggjer samhald og gir energi til resten av året.

Turen blir lagt til destinasjonar som kombinerer sol, fellesskap og aktivitet – og markerer starten på vinterhalvåret med ein vitamininnsprøyting for både kropp og sjel.


Studieturar mellom vinter- og påskeferie

Ei viktig nyvinning er at alle linjene no har sine studieturar mellom vinter- og påskeferien.
Det gir eit meir samla og balansert skuleår, med betre tid til valfag, fellesaktivitetar og prosjekt både før og etter turane.

– Det betyr at heile skulen er samla både i starten og slutten av året. Vi får meir fellesskap, meir ro i kvardagen og betre moglegheit til å bruke Sunnmørsalpane gjennom heile skuleåret, forklarer Hovde.

Reisene varer frå 2 til 4 veker og går til nokre av verdas mest spennande destinasjonar: Bali, Thailand, Kina, Japan og ulike land i Europa.
Skulen har lang erfaring med desse reisene – lærarane har budd og jobba i landa, og samarbeider med lokale partnarar for å skape opplevingar som er både trygge, berekraftige og ekte.


Frå tradisjon til framtid

Møre folkehøgskule har gjennom fleire tiår vore kjent for linjer som Friluftsliv X, FIT, Midtens rike, Bali-linja og Multisport X.
Den nye porteføljen er ei vidareføring av alt det beste frå desse – men oppgradert med ny profil, ny struktur og ei tydeleg retning.

– Vi har lytta til ungdommen. Dei ønskjer opplevingar, men også balanse. Dei vil reise, men forstå verda. Dei vil bruke kreativitet, men kjenne fellesskap. Dette skal linjene våre spegle, seier Hovde.

Med slagordet «Eitt år. Ditt eventyr.» vil Møre folkehøgskule no treffe ei ny generasjon søkjarar – og samstundes halde fast på kjernen: menneskelege møte, meistring og læring gjennom opplevingar.


Framtidsretta folkehøgskule – med røtene i Sunnmøre

Sjølv om reiselysta er stor, er Møre folkehøgskule først og fremst eit skulefellesskap rotfesta i Sunnmørsnaturen – omgitt av fjordar, fjell og hav.
Her får elevane eit år der kontrastane er store: frå vinter på Standalshytta til snorkling i tropiske vatn.

– Vi skal vere den folkehøgskulen som kombinerer verdsopplevingar med ekte folkehøgskuleliv. Her handlar det like mykje om å finne seg sjølv som om å finne nye stadar, avsluttar rektor.


Vil du vere ein del av det nye Møre-eventyret?
Les meir om linjene våre og søk plass for skuleåret 2026–2027 på www.more.fhs.no