Det blir ikkje berre måla og skifta vindu på skulen denne sommaren! Vi er også i gang med å totalfornye kjøkkenet som vi brukar til valfag i kinesisk- og asiatisk matlaging! I løpet av september skal det nye kjøkkenet vere klart til bruk. Hittil har vi fått ut den gamle innreiinga og no er vi i gang med sparkling og maling før vi får montere ny innreiing rett etter ferien!

Matlaging har dei siste åra vore mellom dei aller mest populære valfaga på skulen. Vi reknar ikkje med det blir mindre populært etter opp-pussinga.

Kanskje kan det verte ei matlagingslinje  på Møre folkehøgskule etter kvart?