Open dag på Møre folkehøgskule – velkomen til ein dag full av liv, aktivitetar og engasjement

Laurdag 7. februar inviterer Møre folkehøgskule til open dag frå kl. 11.00 til 15.00.
Denne dagen opnar vi dørene og ønskjer heile lokalsamfunnet velkomen – både små og store – til å oppleve skulen, elevane og kvardagen vår på nært hald.

Open dag er ei flott moglegheit til å bli betre kjend med Møre folkehøgskule, sjå kva vi driv med og møte engasjerte elevar som gjerne deler av kvardagen sin. Samstundes ønskjer vi å vere synlege og tilgjengelege i nærmiljøet, og skape ein dag prega av fellesskap, aktivitet og glede.

All inntekt frå sal denne dagen går til skulen sine bistandsprosjekt. Elevane våre samlar kvar år inn pengar og deltek på bistandsprosjekt kring om i verda. Ved å ta turen på open dag, er du med og støttar dette viktige arbeidet.

Program for dagen

Kl. 11.00 – dørene opnar

Aktivitetar i hovudbygget

  • Kafé i matsalen: Sal av kaker, sveler, kaffi og saft – og tombola

  • Matlaging ute: Bålpanne med grilling av pølser og pinnebrød, samt servering av kakao

  • Kjøkkenstova: Kaffibar og ansiktsmåling

  • Formingsrommet: Dekorer din eiga keramikk-kopp

  • A-salen: Visning av videoar om hjelpeprosjekta og om linjene våre.

  • B-salen: Kino og popcorn – filmar for barn

  • C-salen: Prøv kalligrafi, hjernetrim eller knutekunst

  • Peisestova: Open mic – likar du å synge eller spele? Scena er di

Aktivitetar i gymsalbygget

  • Gymsalen: Bruskasseklatring, klatrevegg og ballspel

  • Internatkjøkkenet: Sal av mat frå Thailand. Kanskje kan du lære korleis du lagar det også?

  • Foajeen: Prøv biljard, bordtennis eller airhockey

  • Animasjonsklasserommet: Introduksjon til animasjon

Vi håpar mange tek turen og blir med på ein innhaldsrik og kjekk dag på Møre folkehøgskule.
Velkomen til open dag!