Velkomen til reunion-helg på Møre folkehøgskule 5.–7. juni 2026

Helga 5.–7. juni 2026 ønskjer vi hjarteleg velkomen til reunion på Møre folkehøgskule. Dette er ei open invitasjon til alle tidlegare elevkull, uansett årgang – ei helg for mimring, latter, gode samtalar og nye minne.

Skulen stiller både lokale og overnattingsrom til disposisjon, og kvart kull står fritt til å forme sitt eige program gjennom helga. Nokre vil samle seg rundt gamle historier, andre vil finne på aktivitetar – her er det rom for alt. For å sikre god informasjonsflyt oppmodar vi kvart kull til å opprette ei eiga kommunikasjonsplattform og peike ut ein kontaktperson. Denne personen vil vere bindeledd mellom kullet og skulen.

Praktisk informasjon

Ved booking av overnatting på skulen er frukost inkludert både laurdag og søndag.
Laurdag kveld tilbyr vi felles middag med to-rettars meny.

Utover dette organiserer kvart kull, eller den enkelte, dei øvrige måltida sjølve. Skulen har eit nyoppussa og triveleg internatkjøkken til fri bruk, i tillegg til fleire mindre kjøkken på internatet.

Dersom eit kull ønskjer å reservere eit eige rom til samling, ber vi om at de gir beskjed på førehand. Elles oppmodar vi gjerne til sosialt samvær på tvers av kull. Aktuelle rom kan vere peisestova, kjøkkenstova (ny stue ved sida av matsalen) og B-salen. Det er òg mogleg å nytte klasserom, musikksal, gymsal, treningsrom, instrument og meir. Sei frå om ønskje – vi legg gjerne til rette.

Prisoversikt

Overnatting (inkludert frukost laurdag 6. og søndag 7. juni):

  • Singelrom per person per døgn (oppreidd seng): kr 690

  • Dobbeltrom per person per døgn (oppreidd seng): kr 550

Middag laurdag 6. juni:

  • To-rettars meny: kr 450

    • Heimelaga kjøtkaker med grønsaker, saus og poteter

    • Heimelaga karamellpudding med krem og kaffi

Vi gler oss stort til å fylle skulen med tidlegare elevar, gode minne og liv igjen.
Velkomen tilbake til Møre folkehøgskule – dette blir ei helg å glede seg til!