Det er ikkje berre Sunnmørsalpane som har flott natur å by på. Utforsking av eige heimland står på timeplanen for klassa Friluftsliv Sunnmørsalpene, men i korona-året blir lange flyreiser til fjerne himmelstrok, erstatta med ein langt meir miljøvennleg togtur til Nord-Norge. Parallelt med lokal nedstenging og strenge tiltak for avgrense smitte har klassa hatt store opplevingar i med utgangpunkt i Henningsvær.
For å halde mest mulig avstand til moglege smittekjelder har ein satsa hardt på sjølvhushald og medbrakt mat. Forrådet av mat er godt supplert med eigen fiska lofottorsk! Samarbeid, fellesskap og eksotiske opplevingar til fjells og på sjøen i vakre vinterlandskap står på timeplanen.
For deg som vil søke Møre folkehøgskule komande skuleår så heiter linja Friluftsliv Sunnmørsalpane.