Møre folkehøgskule er 125 år i 2024. Difor nyttar vi tida no på sommaren både til å skifte vindu og å male hovedbygget. Då både ser dei gamle bygningane bra ut og vi legg til rette for å kunne spare straumkostnader når det blir vinter!
På Møre er vi opptekne av berekraft og at vi ikkje skal sløse meir enn vi må! Difor har vi siste åra installert jordvarmeanlegg der vi hentar varme frå grunnvatnet, vi har solfangarar på taket og no har vi starta arbeidet med å få skifta ut gamle vindu med effektive isolerglas i hovedbygget. Neste år håpar vi å kunne utvide bruken av jordvarmen og etter det er planen å halde fram med utskiftinga av eldre vindu på skulen.