Forsida // Om Møre Folkehøgskule // Livet på internatet
På Møre Folkehøgskule vil vi behandle deg som den vaksne ungdommen du er. Det betyr fridom under ansvar, gjensidig tillit og samarbeidsvilje. Alle skal ha det bra på internatet på skulen vår!
Vi har to internat på skulen. Dei aller fleste bor på dobbeltrom, gjerne saman med ein elev frå ei anna linje. Slik lærer vi å kjenne andre som på ein måte er ulik oss sjølve, men som nesten alltid syner seg å vere eit spennande menneske som vi både kan lære av og lære til!
I tilknytning til internata har vi elevkjøkken og samlingsrom. Der kan du lage mat, sjå på film eller berre slappe av saman med andre elevar.
Om du ønskjer det kan du nokre helgar ha besøk av slekt og vener (eller ein kjæraste) viss det passar slik og du avtaler med internatleiar. Det er likevel aldri slik at nokon ikkje får vere på rommet sitt fordi roomien har besøk! Dette snakkar vi meir om når du kjem på skulen!
Skuleplanen blir lagt opp slik at du med jamne mellomrom kan reise til din «andre» heim både på hausten og vinteren om du ønskjer det.