Vi lagrar følgande personopplysningar om våre elevar:
Vi handsamar opplysningane for å kunne gjennomføre våre forpliktingar og gi undervisingstilbodet etter avtale med deg. Vi nyttar og opplysingane for å kunne gi deg informasjon i forbindelse med elevstemner og andre arrangement som skulen har.
Informasjon om: namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse, fødselsnummer, kontonummer, statsborgarskap, kjønn, linjeval, opplysningar om fråvær og særskilde helseopplysningar blir nytta for å oppfylle avtalen om undervisning. Grunnlaget for denne handsaminga er personvern-forordninga sin artikkel Art 6 (b).
Der du har gitt samtykke, blir opplysningane òg brukt til å gi deg informasjon på e-post og SMS om elevstemner og andre arrangement som skulen har. Grunnlaget for denne handsamingar er personvernforordninga Art. 6 (a). Du kan når som helst takke nei til å motta slik informasjon frå skulen.
Vi lagrar dei personopplysingane du har gitt på søknadsskjemaet på «folkehogskule.no» i samband med din søknad til skulen.
Vi bruker informasjonskapslar/cookies på våre nettsider for å gi deg som besøker sida best mogeleg kundeoppleving og service. Lov om elektronisk kommunikasjon krev at vi informerer våre besøkande om bruk av informasjonskapslar/cookies. Les meir om bruk av informasjonskapslar her.
Vi vil ikkje dele, selje, overføre eller på anna måte utlevere personopplysningar til andre, med mindre vi er rettsleg forplikta til det.
Opplysningar vi har mottatt i samband med din søknad blir lagra i vårt aktive elevregister i 5 år. Opplysningar om namn og årstal for skuleåret blir berre bli sletta dersom du ber om det.
Opplysningar vi etter bokføringsloven er forplikta til å bevare blir lagra i inntil 5 år, jamfør lova sitt krav.
Vi handsamar dine personopplysningar i samsvar med personopplysningslova og gjeldande forskrifter. Vi gjer merksam på at du kan krevje innsyn i og flytting av eigne personopplysningar, samt krevje retting eller sletting av opplysningar. Ein har høve til å klage til Datatilsynet på handsaming som er i strid med reglene.
Vi sikrar dine personopplysningar ved både fysisk og virtuell tilgangskontroll, og ved kryptering av sensitive delar av opplysningane.
Dersom du ynskjer informasjon om kva opplysningar skulen har registrert, retting eller sletting, kan du ta skriftleg til denne adressa:
Møre folkehøgskule
Postboks 14
6151 Ørsta
E-post: kontor@more.fhs.no