Forsida // Om Møre Folkehøgskule // Studieturar
På studieturen flytter vi undervisninga til eit anna land. Vi skal reise med meining, og har som eit mål at turane skal bidra til at alle får oppleve møte med andre menneske og andre kulturar. Og at ein såleis lærer noko både om seg sjølv og den verda ein er ein del av.
På Møre Folkehøgskule trur vi at forståing og respekt mellom land og folk kjem av kunnskap. Kunnskap får vi ikkje berre gjennom dataskjermen. Du vil få opplevingar som du tek med deg resten av livet når du er på studietur med oss!
Midtens rike // Kina & Japan reiser på ein lang studietur til Kina og Japan i perioden februar til april. Linja reiser først til mange, og svært ulike stader i Kina. Og er deretter ei veke i Japan for å besøke Kyoto, Tokyo og Nara. Ein får smake på levemåten i den høgteknologiske storbyen, dei historiske sentera, og ikkje minst ute på landsbygda. Kina har òg mange flotte naturopplevingar å by på. Ei veke i Japan gir oss tid til å lære meir om Japan og den japanske kulturen.
FIT // Thailand har ein lang studietur til Thailand når det er vinter i Noreg! Der får du oppleve «smilets land» når vi flyttar undervisninga dit.
Animasjon // Japan reiste første gang til Japan i 2014. I løpet av ca. to veker står m.a. Tokyo og Hiroshima på planen. Besøk på animasjonsskule er inspirerande, og japansk mat og kultur er annleis og spennande. Vår japanske kontaktperson, Noriko, kjem til skulen og underviser litt om Japan, kultur og språk i løpet av skuleåret. Animasjon Japan skal også på aminasjonsfestival i Fredrikstad i november. Dokumentarfilmfestival og Animation Volda står også på timeplanen.
Friluftsliv X // Bali har Bali som sitt utanladsreisemål. Aktivitetar er i fokus; surfing, snorkling og dykking. Kombinert med kulturopplevingar. I tillegg besøker vi, og arbeider nokre dagar på, ein barneheim på Bali. Og får oppleve korleis livet er for dei som bur der. Til saman skaper dette ein tur full av opplevingar og erfaringar. Friluftsliv X // Bali har også halvtårskurs både høst og vår og begge har 3-4 ukers reise til Bali.
Friluftsliv X // Norge tek heile landet i bruk. Vi har dei beste muligheitene for fjellturar, og store opplevingar på sjø og bølger. Og på dei høgste tindane i det vakre og ville fjellandskapet på Sunnmøre, og i andre deler av Norge.
Reiseliv // Norge, Europa og Asia kunne eigentleg heitt Reiseliv // Heile verda! Neste år er planen å starte i Noreg, og så ta ein tur ut i Europa før jul. Og til slutt ha ein lang studietur i Asia, når vinteren framleis held grepet om heimlandet!
Elles reiser alle linjene på korte og lange turar til forskjellige attraksjonar rundt om i landet.