Skulen tilbyr elevane opplevingar høgt og lavt, i innland og i utland. Dette krev at vi heile tida vurderer tryggleiken til elevane og det fotavtrykket vi etterlet oss på vår veg. Før alle turar og utflukter gjennomfører den ansvarlege læraren ei risikovurdering som så blir sendt til leiinga for godkjenning. På denne måten sikrar vi at dei gode opplevingane er innanfor dei risikorammene skulen har.
Møre Folkehøgskule har forsikringar for elevane, bortsett frå reiseforsikring som det har synt seg at elevane sjølve ofte allereie har eller at dei er dekka av føresette sin reiseforsikring. Det blir då ein unødvendig ekstrakostnad om dette skal gå igjennom skulen også. Alle elevane må altså ha eigen reiseforsikring
Korona, pandemi og annan sjukdom
Vi er særleg sårbare ved oppstart av skuleåret og i etterkant av ferier. No etter pandemien har vi framleis fokus på hygiene og smittevern sidan vi er mange som lever og bur tett på kvarandre. Om nye sjukdomsbølgjer skulle kome har vi nytta det vi lærte under pandemien til å legge planar for å handtere dette på ein best mogeleg måte.
Med helsing
Rune Hovde
REKTOR
E-post: rektor@more.fhs.no
Telefon: 70 04 19 99