Prisar for linjene 2025/2026
Får du plass må du betale kr 250 i innmeldingspengar når du takkar ja til plassen for å stadfeste opptaket. Om du seier frå deg plassen før angrefristen er ute (som er 14 dagar), får du tilbake desse pengane.
Elles finn du prisen for linjene når du går inn på linjeveljaren eller på folkehogskole.no
NB! Vi tek atterhald om endring av prisar som følge av kostnader tilknytta valutakurser, fly- og transporttariffer, samt uforutsette skattar og avgifter som vi ikkje sjølv rår over. Disse faktorane kan påverke prisar og/eller innhald i utanlandsturar.
Prisen dekker
Kostnader til kost og losji, studietur innan- utanlands, tilgang til vaskemaskin/tørketrommel, skulemateriell, ekskursjonar, internett, minnebok, skulegenser m.m. Dersom du bur på einerom kostar dette kr 1.000,- pr månad i tillegg.
Tillegg i pris for spesialkost/diett
Cøliaki/Gluten-intoleranse | Kr 1 000,- ekstra per månad |
Melke/Laktose intoleranse | Kr 700,- ekstra per månad |
Veganer | Kr 500,- ekstra per månad |
Vegitarianer | Kr 500,- ekstra per månad |
For annan allergi eller intoleranse som krev eigen diett vert eit eventuelt tillegg å avtale med skulen.
Aldersgrense
Elevane ved skulen er i alderen 18 og litt oppover. Om du fyller 18 i 2025 er du gammal nok til å kome inn hos oss. Snittalderen har dei siste åra vore mellom 19 og 20 år. Om du ikkje fyller 18 før i 2026 kan du kontakte oss og så vurderer vi om vi likevel kan ta deg opp som elev.
Søknadsfrist
Første opptaksdato er 15. november 2024. Skal du vere sikra å kome inn på den linja du ønskjer, er det lurt å vere tidleg ute. Vi har kontinuerleg opptak heilt fram til skulestart.
Stipend og lån
Det vert gitt fullt stipend og lån frå Statens Lånekasse for å dekke kostnader til folkehøgskule. Søknad sender du til lånekassa før skulestart.
Angrefrist
Etter at du har betalt innmeldingspengar har du 14 dagars angrefrist. Du får tilsendt «angreskjema» som då ev. må nyttast. Dersom du nyttar denne retten, har du òg rett til å få tilbake innmeldingspengane. Dersom du avsluttar skuleåret etter oppstart må du betale skulepengar i seks veker etter at du har forlet skulen.
Poeng
Eit fullført år på folkehøgskule vil gi deg to ekstra konkurransepoeng. Vi sender eit brev med informasjon du treng i god tid før skulestart. Dette omfattar skulereglementet og informasjon om kva du treng å ha med deg.