Studieturane

Verda er klasserommet – reis saman med oss!

Ei veke fellestur "Møre Escape // Sol, Fellesskap og Eventyr"

Fellesturen Møre Escape er eit av årets høgdepunkt – eit pusterom midt i mørketida, der heile skulen reiser saman til varme strøk for sol, fellesskap og opplevingar.

I november pakkar vi kofferten og reiser bort frå regn og mørke for å hente energi, varme og inspirasjon. Det er ein veke der du knyter sterke band med elevar frå alle linjer, stikk av med klassekameratar og finn deg sjølv i latter, turar og rolege stunder.

På Møre Escape blir det aktivitetar, strandliv, kultur og samhald – men utan press og timeplan som kveler impulsane dine. Du får friheit til å velje når du vil utforske, når du vil slappe av, og når du vil dele opplevingar.

Dette er turen der fellesskapet utanfor linja får blomstre: grilling på stranda, solnedgangstur, late morgonar, spontane dansestunder – og kanskje eit par nye venskap som vare livet ut.

Søk no – og bli med på Møre Escape: veke med sol, energi og samhald.

3-4 veker BALI, (Surf & Summit // Topptur, Klatring og Surf).

Frå tindar til tropiske bølgjer – opplev kontrastane på eitt år.

Etter eit halvår i Sunnmørsalpane tek vi turen til paradisøya Bali – verdas surfemekka!
Her ventar varme, bølgjer og fargar, men òg kultur og menneskeleg nærleik.
Du lærer å surfe på ekte balinesiske strender, snorklar i korallrev og får dykke ned i øyas spiritualitet og natur.

Vi besøker landsbyar, marknader og surfespotar, og jobbar med berekraft og lokal kulturforståing undervegs.
Når du ikkje står på brettet, kan du utforske vulkanar, fossefall, yoga og street food.

Dette er ei reise der du verkeleg kjenner kontrastane mellom norske fjell og tropisk paradis.

Søk no og opplev tindar, bølgjer og eventyr for livet!

3-4 veker Thailand (Pulse & Power // Friluftsliv, Idrett og trening)

Frå Sunnmørsalpane til tropisk energi i Thailand.

Når vinteren kjem, reiser vi sørover til Thailand – landet der energi, kultur og varme smeltar saman.
Her får du oppleve alt frå strender og jungel til livlege marknader og stille templer.
Du kan ta dykkersertifikat, prøve zipline i tretoppane, klatre på Railey Beach, padle kajakk mellom øyar – eller nyte yoga ved solnedgang.

Gjennom reisa lærer du om thailandsk kultur og berekraftig turisme, samtidig som du får fysisk aktivitet kvar dag.
Dette er turen der trening møter eventyr, og du kjenner korleis energi og meistring følgjer deg heile vegen heim.

Søk no og bli med på ditt tropiske trenings-eventyr!

3-4 veker Kina og Kina og Japan (Asia Unlocked // Språk, Kultur, Reise og Mat)

Ekte Asia – frå Kina til Japan.

Dette er reisa som opnar døra til Asia for alvor.
I løpet av 3–4 veker får du oppleve både Kina og Japan – to land som på same tid er heilt ulike og tett samanbundne av historie og kultur.

Du besøker ikoniske stader som Den kinesiske mur, Den forbodne by, Kyoto sine templer og Tokyos moderne byliv.
Vi reiser med lærarar som har budd i Asia og som kjenner kulturen frå innsida – noko som gjer reisa unik.

Undervegs lfår du praktisert språk som du har lært før vi reiser, smakar lokal mat, og møter menneske som deler kvardagen sin med deg.
Dette er meir enn sightseeing – det er eit møte med verda, slik ho verkeleg er.

Søk no og opplev Asia frå innsida – ekte kultur, ekte møter, ekte eventyr!

3-4 veker ELEVSTYRT (Wander & Wonder // Verda som klasserom)

Design ditt eige eventyr – og gjer draumen verkeleg

Her er du med og planlegg sjølve studieturen!
Saman med klassen finn de reisemål, lagar budsjett og gjennomfører ei ekte reise som speglar interessa dykkar.
Kanskje blir det backpacking i Sør-Amerika, kulturreise i Asia, eller ein kombinasjon av fleire land.

Uansett kvar de endar, handlar reisa om å vere open, fleksibel og nysgjerrig.
Du lærer korleis ein planlegg trygt, reiser berekraftig – og korleis små augneblink kan endre perspektivet ditt på verda.

Ei linje for deg som vil sjå meir, forstå meir – og skape ditt eige eventyr.


Søk no og planlegg reisa du alltid har drøymt om!

🎥 2-3 veker Japan (Frame by Frame // Story, Film og Foto)

Fortel historia di – frå Sunnmøre til Japan.

Studieturen til Japan er eit kreativt høgdepunkt!
Her møter du eit land der tradisjon og teknologi lever side om side, og alt du ser – frå gatelys til tehus – er som skapt for kamera.

Du besøker film- og animasjonsstudio, ser korleis manga og animé blir laga, og får oppleve kultur, arkitektur og byliv i Tokyo og Kyoto.
Samtidig lagar du foto, video og SoMe-innhald som fangar augneblikket.

Dette er turen som inspirerer – der du kjem heim med nye idear, betre ferdigheiter og historier du vil fortelje vidare.

Søk no og skap di eiga historie – bilde for bilde, frame by frame.

2-3 veker Japan (Peaks & Pixels // Fjell, Fjord og Gaming)

Japan – der gaming og puddersnø møtest.

Reisa startar i Tokyo, verdas spelhovudstad.
Her får du sjå korleis gaming, e-sport og popkultur formar kvardagen – frå retroarkadar og cosplay til profesjonelle turneringar.
Vi besøker spelarenaer, temabutikkar og tech-områder, og du får sjå bransjen frå innsida.

Deretter reiser vi nordover med lyntoget Shinkansen til fjella – og inn i snøparadiset.
Japan er verdskjent for sin lette, djupe puddersnø og vennlege kultur, og du får oppleve både adrenalinet og roen frå toppen.

Ei reise full av kontrastar – frå pikslane i byen til stillheita i fjellet.


Søk no og bli med der gaming møter natur og kultur i verdsklasse.

2-3 veker Europa (Sea & Soul // Kropp, Sinn og Balanse)

Finn sol, varme og balanse i Europa.

Når vinteren kjem på Sunnmøre, reiser vi sørover for å finne ro og energi i sol og varme.
Studieturen går til Europa, der vi kombinerer aktivitet, kultur og fellesskap.
Kanskje blir det surfing i Portugal, yoga i Spania eller snorkling i Hellas – vi vel reisemål som gir lys, glede og inspirasjon.

Du får kjenne den gode balansen mellom fysisk aktivitet og mental ro – saman med vener som gjer kvar dag til ei oppleving.
Ei reise som gir deg påfyll for kropp, sinn og sjel.

Søk no og finn din balanse mellom pust, puls og eventyr

{{slide.caption}}