FX // Bali har dei siste åra vore vår mest populære linje! Vi har sidan oppstarten sendt fleire hundre elevar på ein tur som gir opplevingar og minne for livet. I år er turen betre enn nokon gong! Opplev rått friluftsliv på Nordvestlandet og Bali – perfekt for deg som vil utfordre deg sjølv. Frå surfing på bølgene til klatring i majestetiske fjell og heftige skiturar, blir kvar dag eit nytt adrenalinkick. På Bali får du også sjansen til å gi noko tilbake: Vi bidreg der det verkeleg trengs, noko som gir meining i tillegg til all actionen. Gjør deg klar for episk kameratskap og opplevingar du aldri vil gløyme – både i naturen og med nye venner!
Med linja «Friluftsliv X // Bali» får du ei reise som startar med rå opplevingar på Sunnmøre, der du blir kjent med både naturen, deg sjølv og gjengen din før turen går vidare til opptil fire veker på episke Bali. Der får du alt frå surfing til å oppleve ein heilt ny kultur – og når du kjem tilbake til Norge, held eventyret fram med toppturar i Sunnmørsalpane, utforsking av fjordane og adrenalinfylte aktivitetar langs kysten.
Her får du meistring gjennom heftige friluftslivsopplevingar, spenning, samhald og sjølvutvikling – alt i eit unikt fellesskap.
Er du opptatt av berekraft og vil gjere ein forskjell? Då er Møre Folkehøgskule plassen for deg! Her får du sjansen til å dykke djupt i tema du brenn for, enten gjennom linjer som fokuserer på berekraft eller ved at berekraft er ein del av alt vi gjer – frå spennande prosjekt til utandørs opplevingar.
Lær ved å gjere! Vi prioriterer praktisk erfaring, med ekskursjonar og frivillig arbeid både i Norge og utlandet. Du vil sjå med eigne auge at berekraftsarbeid fungerer og at innsatsen din betyr noko.
Fellesskapet på Møre er spesielt. Du vil møte ungdommar frå heile landet, nokre som er som deg og andre som tenkjer heilt annleis – men det er det som gjer det spennande. Saman kan de utveksle idear, inspirere kvarandre og samarbeide om kule berekraftsinitiativ.
Folkehøgskuleåret handlar også om personlig vekst. Du vil utvikle ferdigheiter som samarbeid, kritisk tenking og kommunikasjon, noko som er essensielt for å påverke berekraftsarbeidet framover.
Eit år på Møre vil også hjelpe deg å finne ut kva du vil med framtida. Kanskje ser du at berekraft kombinert med andre interesser er akkurat det du vil satse på i åra som kjem?
Så om berekraft er viktig for deg, kan eit år hos oss gi deg innsikta, verktøya og inspirasjonen du treng for å forme framtida.
Endeleg pris for skulåret vil avhenge om du går heilårslinje eller berre eitt av halvåra. Sjå vår linjevelgar for prisar.
Den lange studieturen på «Friluftsliv X // Bali» linja (3-4 veker) går til Bali i Indonesia og du vil få vidareutvikle og finpusse teknikken på surfing og dykking saman med resten av klassa di. Du får og oppleve sykkel- og andre turar i unik natur.
På denne turen bidreg vi også til å berge korallrev og livet i havet. Dette er med og sikrar fantastiske naturopplevingar for dei som kjem etter oss også. Då er vi med å sikrar framtida til dei fastboande også!
For mange er dette kanskje den største opplevinga på turen!
Likar du utfordringar og søker meistringsfølelse? «Friluftsliv X // Bali» er ei allsidig linje for deg som er i normalt god form og er motivert. Lær deg eit breitt spekter av friluftsaktivitetar i den flottaste naturen i landet og på Bali. Vi tek utgangspunkt i kvar enkelt sine ferdigheiter og legg til rette slik at du blir utfordra ut frå dine forutsetningar.
Som elev på linja «Friluftsliv X // Bali» treng du ein del utstyr. Det er berre å ta kontakt om du lurer på noko når det gjeld utstyr. Mykje kan kjøpast billeg og brukt, og vi gir gjerne råd!
Tilgang til klatrehall i Ørstahallen og i Volda
Tilgang til utandørs og innandørs skateparkar i Ørsta og Volda