Sport & Adventure er linja for deg som vil ha eit aktivt, variert og utviklande skuleår – utan å måtte velje éin idrett eller eitt nivå. Her prøver du breitt: lagidrett, klatring, padling, kampsport og friluftsliv, og du finn ut kva som faktisk fengar deg når du gir det ein ordentleg sjanse.
Fokuset er ikkje på å bli best, men på å bli bedre – og på å oppdage at du er meir kapabel enn du trudde. Du trener saman med andre, du leier og blir leia, og du lærer deg å takle motgang og meistring i lag. Internatet og fellesskapet er ein del av opplegget – dei beste erfaringane skjer gjerne utanfor timeplanen.
Sport & Adventure passar perfekt for deg som vil starte eit aktivt vaksenlivsår med meir sjølvtillit, fleire ferdigheiter og venner som kjenner deg på godt og vondt.
Reise med meining
Når vinteren kjem, reiser vi til Bali – surfing i verdklasse, trekking på vulkanar, kulturmøte i lokalsamfunnet og refleksjon over kva det vil seie å reise med respekt. Vi samarbeider med ansvarlege lokale aktørar og kjem heim med betre forståing av verda vi er ein del av.
I oktober/november reiser heile skulen saman på Møreturen – ei veke i varmare strøk fylt med sol, samhald og påfyll.
Du treng ikkje velje mellom lagidrett og friluftsliv. Her får du begge delar.
Nokre dagar står fotball, volleyball, handball eller padel på planen. Andre dagar pakkar vi sekken og dreg ut i Sunnmørsalpane. Årstidene styrer mykje av det vi gjer – frå fjellturar, klatring og kajakk til ski og toppturar når vinteren kjem.
Vi brukar også lokale idrettsanlegg og samarbeider med idrettsmiljøet i området. Målet er ikkje at du skal vere best. Du skal få utvikle deg, prøve aktivitetar du kanskje aldri har gjort før, og kjenne på meistring saman med andre.
Denne linja kan passe for deg som likar sport og aktivitet, men vil ha meir enn berre trening. Du trivst både inne i hallen og ute i naturen, har lyst til å prøve nye aktivitetar og likar å vere ein del av eit lag og eit sosialt miljø. Og kanskje freistar det å kombinere Sunnmørsalpane med eit stort eventyr på Bali?
Du treng ikkje vere ekspert på noko. Du treng berre å ha lyst til å bli med.
For deg som likar sport, aktivitet og friluftsliv – uansett nivå og erfaring. Du treng ikkje vere topptrent eller ha bakgrunn frå idrettslag. Det viktigaste er at du likar å vere i aktivitet, prøve nye ting og gjere det saman med andre.
Vi forventar ikkje at du er best – men at du blir med. At du møter opp, prøver, bidreg og gir andre ein sjanse til å lykkast. Nokre dagar blir enkle, andre utfordrande. Du treng ikkje meistre alt, men du må vere villig til å prøve.
Vi forventar også at du tek ansvar for fellesskapet – på linja, på internatet og når vi er på reise.
Vi ønskjer at flest mogleg skal kunne delta på Sport & Adventure. Har du behov for tilrettelegging, tek vi gjerne ein prat med deg om kva du treng, og kva vi kan få til.
Aktivitetane på linja varierer frå ballidrett og trening til turar, ski, klatring og friluftsliv. Moglegheitene for tilrettelegging vil derfor variere.
Ta kontakt med oss før skulestart, så finn vi saman ut kva som kan fungere for deg.