Ready & Real // Bli den folk stolar på

Fellestur HAUST: 1 veke Kanariøyene , Linjetur VÅR: 2-3 veker Japan
Alt om linja

Ready & Real // Beredskap, Mat og Friluftsliv

Ready & Real er linja for deg som vil lære deg å handtere det verkelege livet – ikkje berre snakke om det. Dette er eit praktisk og utviklande folkehøgskuleår der du bygger ferdigheiter du faktisk kjem til å bruke: Lage mat frå botnen, orientere deg i ukjend terreng, forstå økonomi, handtere kriser og leie andre når det gjeld.

Her er det ikkje teori for teorien sin skuld – kvart tema er knytt til noko du kan prøve, øve på og ta med deg. Du lærer saman med ei gruppe som støttar kvarandre, og du oppdagar at du tåler meir enn du trudde.

Ready & Real passar perfekt for deg som vil starte studiar eller jobb med meir sjølvtillit, betre praktisk sans og ei kjensle av at du faktisk er klar – for det meste.

Reise med meining
Når vinteren kjem, reiser vi til Japan – eit land som tek beredskap, planlegging og kvardagsmeistring på alvor på ein måte vi har mykje å lære av. Vi navigerer Tokyo utan Google Maps, handlar og lagar mat på lokale marknader, opplever korleis japanarar handterer det uventa – og tar med oss innsikt heim som endrar korleis vi tenkjer på kvardagen.

I oktober/november reiser heile skulen saman på Møreturen – ei veke i varmare strøk fylt med sol, samhald og påfyll.

Om linja

På Ready & Real lærer du ting du faktisk får bruk for. Ikkje for å bestå ein eksamen, men for å bli tryggare, meir sjølvstendig og betre rusta når livet ikkje går heilt etter planen.

Du får mellom anna prøve deg på:

  • førstehjelp, HLR, søk og redning
  • brann, tryggleik og beredskap
  • privatøkonomi, budsjett, skatt og sparing
  • matlaging og gode måltid frå botnen av
  • verktøy, reparasjonar og praktisk problemløysing
  • fjellturar, ski og overnatting ute
  • samarbeid og utfordringar der de må finne løysingar saman

Sunnmørsalpane blir klasserommet vårt. Japan blir den store kontrasten.

Japan er ein av dei mest spennande stadene i verda for å lære om korleis menneske og samfunn førebur seg på det uventa. På studieturen utforskar vi mellom anna jordskjelvberedskap, tryggleik og korleis eit moderne samfunn handterer risiko. Samtidig opplever vi japansk mat, kultur, natur og storbyliv.

Du treng ingen forkunnskapar. Det viktigaste er at du er nysgjerrig, villig til å prøve og har lyst til å bli litt meir klar for livet.

Ekte ferdigheiter. Ekte utfordringar. Ready & Real.

{{ slide.caption }}