• Nærbilde av ein sushirett
  • Elev frå Midtens Rike poserar samman med fleire kvinner i Kimono
  • Gruppebilde av Midtens Rike elevar foran ein stor busk med blomer
  • Gruppebilde av Midtens Rike klassa på ein fjelltopp
  • Bilde av ein elev frå Midtens rike klassa som stend på eit utstikkar frå fjellsida mot åpen himmel
  • To jenter frå linja Midtens Rike visar fram sin Kalligrafi
  • Gruppebilde av Midtens Rike klassa foran risterasse i Kina
  • To elevar frå Midtens Rike les i ei Mandarin ordbok
  • To båtar fullpakka med elevar frå Midtens Rike på LI elva i Kina
  • Fleire elevar frå Midtens Rike linja sit rundt eit rundt bord og delar eit måltid
  • Klassa frå Midtens Rike sit samla i ein ring og varmar hendene over ein steinomn i midten
  • Ein gjeng elevar frå Midtens Rike linja hoppar ned ei trapp i den kinesiske mur
  • Ein panda sit i graset og eter
  • To jenter frå Midtens Rike linja hoppar utanfor eit kinesisk tempel

Asia Unlocked // Språk, Kultur, Reise og Mat

Alt om linja

Asia Unlocked // Språk, Kultur og Mat

Opne døra til Asia – lær språk, smak kultur og opplev verda frå innsida!

Dette er linja for deg som vil kombinere reise, kultur og ekte opplevingar.
Gjennom året får du lære kinesisk og japansk språk, utforske matkultur og forstå korleis tradisjon og moderne liv blir fletta saman i kvardagen.

Du lærer enkle språkferdigheiter, prøver deg på kalligrafi og origami, og dykker inn i animé, manga og japansk popkultur. På kjøkkenet lagar vi sushi, ramen og dumplings – medan vi lærer om historia, menneska og kulturen bak smakane.

Høgdepunktet:
I februar–mars reiser vi på ein tre-fire vekers studietur til Kina og Japan.
Du kan du få oppleve Tokyo, Kyoto, Beijing og Shanghai – frå lyntog og templer til marknader og moderne byliv. Turen blir laga spesielt for kvart årskull!

Ekte møter, ekte kultur – og minner for livet.

Bonus:
I november reiser heile skulen saman på Møreturen – ei veke i varme strøk med sol, aktivitetar og nye venner frå alle linjer.

Frå Sunnmørsalpane til Asia
Skulen ligg i Ørsta, omgitt av dei majestetiske Sunnmørsalpane.
Her utforskar vi også nærområdet med turar, matlaging og overnatting på hytte – før eventyret tek oss vidare ut i verda.

Søk på linja – og opplev Asia frå innsida: ekte kultur, ekte møter, ekte eventyr.

Kva skjer på linja i løpet av året?

For deg som vil lære språk, teste nye smakar og oppleve kulturen i Asia

Her får du oppleve Asia både i klasserommet og på reise!
Enten du alt er hekta på alt asiatisk – eller berre vil oppdage ei heilt ny verd – er dette linja for deg.


Dette får du lære

  • Kinesisk språk, mytologi, historie og samfunn – slik at du forstår dette spennande landet frå innsida

  • Japansk språk og kultur – frå kvardagsliv til gaming, animé og popkultur

  • Matlaging: vi lagar alt frå sushi og ramen til dumplings og street food

  • Kreative uttrykk som kalligrafi, manga og japansk kunst

  • Korleis planleggje reiser og ferdast trygt i Asia


Våre forventningar til deg

Kom med ope sinn, nysgjerrigheit og respekt for andre kulturar.
Du treng inga erfaring – berre lyst til å lære språk, smake på nye ting og bli ein del av fellesskapet, både heime på skulen og ute på tur.

Ei reise du aldri gløymer

Studieturen varer i 3–4 veker og tek deg tett på både Kina og Japan.
Ingen tur er heilt lik, men alle er fulle av kontrastar, fargar og nye perspektiv.

I Kina opplever du alt frå storbykaos i Beijing og Shanghai til små landsbyar og stille naturperler.
Vi besøker Den kinesiske mur, Den forbodne by – og Chengdu, byen til pandaen 🐼.
Eit av høgdepunkta er dagane på Håpskulen, der du møter barna og får minner for livet.

I Japan reiser vi når kirsebærtrea blomstrar.
Basen vår er Kyoto, med utflukter til historiske Nara og små idylliske byar.
Og sjølvsagt: Tokyo – verdas største metropol, der tradisjon og framtid møtest på kvar gate.


Meir enn sightseeing

Dette er ikkje ein tur for å krysse av stadar på lista.
Du får oppleve menneske, kultur og kvardagsliv – og sjå korleis gamle tradisjonar lever side om side med det moderne.
Ei reise som gir deg nye venner, ny forståing – og eit heilt nytt syn på verda.