Forsida // Nyheiter frå skulen // REUNION
Laurdag 1. juni er det reunion på Møre folkehøgskule!
Om DITT kull skal ha reunion så merk deg følgjande:
Det er no kulla sjølve som står for påmelding og organisering. Skulen stiller lokale og servering. Skulen treng ein kontaktperson for kvart kull som vi kan halde kontakta med.
Det kan vere lurt å starte planlegginga no! Som De alle veit så har vi avgrensa plass og lokale blir fordelte etter kvart som påmeldingane kjem.
Vi veit allereie at 40- og 50 års kulla er godt i gang med planlegginga. Vi oppmodar andre som vil møtest igjen til å ta initiativ snarast råd!