Ekstremsport Sunnmørsalpane: Om linja

Slide image
Topptur med Ekstremsport i verdas vakraste Sunnmørsalpane
Slide image
Matpakke-stopp med utsikt til Sunnmørsalpane
Slide image
Ski og pudder i Sunnmørsalpane
Slide image
Surfe på bølgene i Sunnmørsalpane
Slide image
Elvepadling med Ekstremsport-klassa
Slide image
Klatring
Slide image
Ekstremsport-klassa på tur til Skåla
Slide image
Backflip i Sunnmørsalpane
Slide image
Topptur i Sunnmørsalpane
Slide image
Dele vannvittige opplevingar med nye Ekstremsport-vener i Sunnmørsalpane


Ekstremsport Sunnmørsalpane er linja for deg som vil noko meir. Med Sunnmøre og Norge som undervisningsarena, flyttar vi grensene dine, og lærer deg og medelevane dine betre å kjenne. Vi stiller ingen krav til forkunnskap i dette opplegget vi her presenterer. Det vi derimot krev av deg, er at du er motivert til å prøve noko nytt, og er villig til å bevege deg ut i det ukjende og møter opp på undervisninga.

Klikk her for å sende søknadKlikk her eller under for å sjå linjevideo!

Dette er linja for deg som:

  • Ynskjer å utfordre deg sjølv
  • Vil «det lille ekstra»
  • Er motivert til å prøve noko nytt og ukjend
  • Ynskjer å lære eit stort mangfald av ulike ekstremsportaktivitetar
  • Ynskjer å kome i bedre form
  • Ynskjer å utvide det sosiale nettverket

På linja lærer du:

  • Å knytte alle aktivitetane opp mot basis friluftsliv
  • Du lære om dei ulike subkulturar og miljø i aktivitetane vi utøve
  • Klatreteknikk inne og ute, på topptau og led. De får også brattkortkurs
  • Surfing: surfekurs i Noreg og Hoddevika som er på liste over 10 beste surfeplasser i verden
  • Elvepadling teknikk og sikkerhet i basseng og i vassdraga på sunnmøre
  • Topptur på snø i Sunnmørsalpane. Trygge vegval, skredlære i teori og praksis
  • Frikøyringsteknikk på ski
  • Stisykling teknikk og linjevalg
  • Ulike typar stup frå sviktbrett og plattform 1, 3 og 5 meter
  • Førstehjelp / livredning

Du vil mellom anna oppleve:

  • Nye sider ved deg sjølv
  • Å få nye venner
  • Teltturar og hytteturar
  • Kvasse alpar og urørt puddersnø på toppturar i Sunnmørsalpane
  • Heisbasert ski/snowboardkøyring på Strandafjellet – sjå video
  • Bølger og kvite sandstrender i Hoddevika
  • Ein skule tilrettelagt for ei aktiv fritid
  • Knall og fall – glede og meistring
  • Å vere aktivitetsleiar på Spenningskurset – les meir
  • Ekstremsportfestivalen «X2» – les meir
  • Ein lærar med spisskompetanse som vil motivere deg og pushe deg

Tek du utfordringa? Bruk eit år på personleg utvikling saman med likesinna frå heile landet.

Klikk her for å sende søknadKlikk her for å sjå vår linjevideo!

Ved spørsmål om linja ta kontakt:

Tor-Erik Moen

Lærar
Litt om meg:

Lærar historie, idrett og frlluftsliv, fordjupning i ski og tropisk friluftsliv. Utdanna arktisk naturguide (frå Svalbard) og særs glad i å vere ute i natur. 10 års arbeide med ferietilbud for barn og unge. Bodd over lengre tid i New Zealand, Svalbard, Dominikanske republikk og Grønland. Etter 10 år på Sunnmøre ser eg moglegheiter i alle årstider, då spesielt leik, surf, ski, klatring og sykling. Tilsett sidan 2012 og er no linjeleiar for Linjelærar Ekstremsport Sunnmørsalpane.