Friluftsliv X // Bali

Topptur, Klatring og Surf
Alt om linja

Opplev rått friluftsliv på Nordvestlandet og Bali – perfekt for deg som vil utfordre deg sjølv. Frå surfing på bølgene til klatring i majestetiske fjell og heftige skiturar, blir kvar dag eit nytt adrenalinkick. På Bali får du også sjansen til å gi noko tilbake:  Vi bidreg der det verkeleg trengs, noko som gir meining i tillegg til all actionen. Gjør deg klar for episk kameratskap og opplevingar du aldri vil gløyme – både i naturen og med nye venner!

Du blir ein del av naturen både heime og ute i verda!

Med linja «Friluftsliv X // Bali» får du ei reise som startar med rå opplevingar på Sunnmøre, der du blir kjent med både naturen, deg sjølv og gjengen din før turen går vidare til opptil fire veker på episke Bali. Der får du alt frå surfing til å oppleve ein heilt ny kultur – og når du kjem tilbake til Norge, held eventyret fram med toppturar i Sunnmørsalpane, utforsking av fjordane og adrenalinfylte aktivitetar langs kysten.

Her får du meistring gjennom heftige friluftslivsopplevingar, spenning, samhald og sjølvutvikling – alt i eit unikt fellesskap.

Vi reiser med meining. Kvifor er berekraft viktig?

Er du opptatt av berekraft og vil gjere ein forskjell? Då er Møre Folkehøgskule plassen for deg! Her får du sjansen til å dykke djupt i tema du brenn for, enten gjennom linjer som fokuserer på berekraft eller ved at berekraft er ein del av alt vi gjer – frå spennande prosjekt til utandørs opplevingar.

Lær ved å gjere! Vi prioriterer praktisk erfaring, med ekskursjonar og frivillig arbeid både i Norge og utlandet. Du vil sjå med eigne auge at berekraftsarbeid fungerer og at innsatsen din betyr noko.

Fellesskapet på Møre er spesielt. Du vil møte ungdommar frå heile landet, nokre som er som deg og andre som tenkjer heilt annleis – men det er det som gjer det spennande. Saman kan de utveksle idear, inspirere kvarandre og samarbeide om kule berekraftsinitiativ.

Folkehøgskuleåret handlar også om personlig vekst. Du vil utvikle ferdigheiter som samarbeid, kritisk tenking og kommunikasjon, noko som er essensielt for å påverke berekraftsarbeidet framover.

Eit år på Møre vil også hjelpe deg å finne ut kva du vil med framtida. Kanskje ser du at berekraft kombinert med andre interesser er akkurat det du vil satse på i åra som kjem?

Så om berekraft er viktig for deg, kan eit år hos oss gi deg innsikta, verktøya og inspirasjonen du treng for å forme framtida.

 

Meir opp det du kan få vere med på:

Klart for eventyr? Dette kan du oppleve:

  • Episk friluftsliv der naturen er din leikeplass
  • Toppturar til fots i råe omgjevnader
  • Klatring både inne og ute – pluss sjansen til å ta brattkort om du vil
  • Hav- og fjordpadling for dei som vil teste grensene på vatnet
  • Surfing i verdskjente bølger i Hoddevika og på Bali
  • Overnatting under open himmel, i telt, lavvo, hengekøye eller på hytte – du vel!
  • Laga digg mat over bålet
  • Eit døgn aleine ute i naturen, eller duo om du vil dele opplevinga

Du kan velje Friluftsliv X // Bali som halvårskurs også!

  • Då blir du med enten på opplegget på hausten eller våren saman med heilårselevane.
  • Det eine halvåret er den lange studieturen inkludert i halvårsstudiet!
  • Passar perfekt for deg som skal i – eller kjem frå millitæret!

Å reise er ein viktig del av opplevinga!

  • Vi reiser til Bali og Hoddevika for å surfe i verdas beste bølger, rundt på Nordvestlandet for å klatre, gå episke toppturar og stå på ski. På Runde utforskar vi dei spektakulære fuglefjella, og i Loen går vi den luftige Via Ferrata opp og vi går til Skålatårnet – der vi gjerne overnattar på ein av Norges mest ikoniske fjelltoppar. Klar for eit eventyr fullt av variasjon og utfordringar?

 

Kva koster linja?

Endeleg pris for skulåret vil avhenge om du går heilårslinje eller berre eitt av halvåra. Sjå vår linjevelgar for prisar.

Gå til linjevelgar
{{ slide.caption }}

Studietur Bali

Den lange studieturen på «Friluftsliv X // Bali» linja (3-4 veker) går til Bali i Indonesia og du vil få vidareutvikle og finpusse teknikken på surfing og dykking saman med resten av klassa di. Du får og oppleve sykkel- og andre turar i unik natur.

Midtvegs i turen gir vi ei hjelpande hand til dei som har lite og treng litt ekstra. Dette er frivillig arbeid for barn og unge i dei fattige delane av øya. For mange er dette kanskje den største opplevinga på turen!

Passer linja for deg?

Likar du utfordringar og søker meistringsfølelse? «Friluftsliv X // Bali» er ei allsidig linje for deg som er i normalt god form og er motivert. Lær deg eit breitt spekter av friluftsaktivitetar i den flottaste naturen i landet og på Bali. Vi tek utgangspunkt i kvar enkelt sine ferdigheiter og legg til rette slik at du blir utfordra ut frå dine forutsetningar.

Søk på linja

Utstyr til linja

Pakkeliste

Som elev på linja «Friluftsliv X // Bali» treng du ein del utstyr. Det er berre å ta kontakt om du lurer på noko når det gjeld utstyr. Mykje kan kjøpast billeg og brukt, og vi gir gjerne råd!

  • Turutstyr +
  • Kle tilpassa tur/friluftsliv +
  • Treningstøy +
  • Sykkel og sykkelutstyr +
  • Skiutstyr +

Utstyr og fasilitetar på skulen

  • Kajakk
  • Skredutstyr
  • Surfbrett
  • Skateboard
  • Telt, lavvo og anna basis friluftsutstyr
  • Gymsal, godt utstyrt for ballspel mm
  • Vekt-treningsrom, godt utstyrt for trening på alle nivå.
  • Tilgang til treningssenter og yoga senter.

Tilgang til klatrehall i Ørstahallen og i Volda

Tilgang til utandørs og innandørs skateparkar i Ørsta og Volda

Portrettbilde av Rune Ostreng

Har du spørsmål om linja?

Rune Østreng
Linjelærar Friluftsliv X
Bakgrunn fra Høgskulen i Volda med en Bachelor i idrett, samt fordypning innenfor friluftsliv. Har pedagogisk videreutdanning og tar nå en Master innenfor idrettsvitenskap. Jobbet 5 år innenfor helsetjenesten/barnevern. De store lidenskapene mine er innenfor Ski og Surf. Gleder meg masse til å ta dere med på alle opplevelsene.
Bakgrunn fra Høgskulen i Volda med en Bachelor i idrett, samt fordypning innenfor friluftsliv. Har pedagogisk videreutdanning og tar nå en Master innenfor idrettsvitenskap. Jobbet 5 år innenfor helsetjenesten/barnevern. De store lidenskapene mine er innenfor Ski og Surf. Gleder meg masse til å ta dere med på alle opplevelsene.