Linja PT // Bali – Personleg trenar er for deg som vil lære meir om trening for å bedre eiga helse og prestasjon eller for å kunne lære andre om trening og helse. I tillegg vil studieturen gå til Bali som vil gi deg opplevingar du vil minnast resten av livet. I tillegg skaper du venskap som vil vare langt utover studieåret!
Vi startar på Sunnmøre, der kjennskap til naturen, kjennskap til oss sjølv og kvarandre førebur oss til studietur og opp mot fire veker på Bali. Erfaringane og opplevingane frå Bali tek du med deg tilbake til Norge for å fortsette å utforske og oppleve Sunnmøre, Sunnmørsalpane, fjordane og havgapet resten av skuleåret. I tillegg er det fokus på hvordan trening og opplevingar kan betre helse og prestasjon
Du vil oppleve meistring gjennom aktivitetar, opplevingar og refleksjon både som enkeltmenneske og som ein del av eit større felleskap.
Etter endt skoleår kandu velje å ta ei eiga prøve for å bli sertifisert som personlig trener igjennom Europe Active & Europe Register of Exercise Professionals og dermed kan søke jobb som PT.
Gå linja heile året eller bli med oss hausthalvåret og kombiner med ei anna av våre halvårslinjer på våren! Valet er ditt! Her finn du informasjon om opplevingar og reiser på hausten og våren.
Sunnmørsalpane, Hjørundfjorden, Stadt, Indonesia- Bali, Hoddevika, Runde, Stryn/Loen
Sunnmørsalpane, Hjørundfjorden, Stadt, Stranda skisenter, Stryn/ Loen, Ålesund, Runde
Endeleg pris for skulåret vil avhenge om du går heilårslinje eller berre eitt av halvåra. Sjå vår linjevelgar for prisar.
Den lange studieturen (3-4 veker) går til Bali i Indonesia og vi besøker et profesjonelt treningsenter «Pronoia» som har fokus på Personleg Trening og livsstilsendringar.
I løpet av i turen gir vi ei hjelpande hand til dei som har lite og treng litt ekstra. Dette er frivillig arbeid for barn og unge i dei fattige delane av øya igjennom vårt samarbeid med organisasjonen «Bali Life». For mange er dette kanskje den største opplevinga på turen!
Likar du utfordringar og søker meistringsfølelse? Dette er ei allsidig linje for deg som er i normalt god form og er motivert. Lær deg eit breitt spekter av aktivitetar for å fremme helse og prestasjon i den flottaste naturen i landet og på Bali.
Vi tek utgangspunkt i kvar enkelt sine ferdigheiter og legg til rette slik at du blir utfordra ut frå dine forutsetningar.
Som elev på linja «Linja PT // Bali – Personleg trenar» treng du noe utstyr. Det er berre å ta kontakt om du lurer på noko når det gjeld utstyr. Mykje kan kjøpast billeg og brukt, og vi gir gjerne råd!
Tilgang til klatrehall i Ørstahallen og i Volda
Tilgang til utandørs og innandørs skateparkar i Ørsta og Volda