Om Møre Folkehøgskule

Midt i Sunnmørsalpane – med heile verda framfor deg

Tenk deg å vakne til utsikt mot majestetiske fjell, med fjorden berre nokre minutt unna. Velkomen til Møre folkehøgskule, midt i Ørsta og hjartet av Sunnmørsalpane!

Her er naturen ein del av kvardagen. Alle linjene våre brukar fjella, fjorden og havet – på kvar sin måte. Nokre søkjer dei høgaste toppane, andre finn meistring og opplevingar nærare havnivå. Felles for alle er at vi brukar den fantastiske naturen rundt oss.

Men eventyra stoppar ikkje på Sunnmøre!

Vi har over 25 års erfaring med studieturar til Asia. Vi var tidleg ute med Bali, og har i fleire tiår teke elevar med til Kina og Japan. Vi kjenner også Thailand og fleire spennande reisemål i Europa. Hos oss er studieturane ein viktig del av året – fulle av opplevingar, nye perspektiv og minner du tek med deg vidare.

Og vi reiser ikkje berre med linjene. Heile skulen dreg også på ein felles studietur, der vennskap og opplevingar på tvers av linjene står i sentrum.

Sjølv om vi bur midt mellom fjella, er det enkelt å kome hit. Ørsta/Volda lufthamn ligg berre fem kilometer unna, med daglege flysamband til Oslo og Bergen. Det går også buss til fleire av dei største byane i landet.

Hos oss får du det beste frå to verder: Sunnmørsalpane rett utanfor døra – og heile verda som ein del av skuleåret.

Ein elev spelar gitar foran to andre ungdomar

Elevane

Elevane på Møre folkehøgskule er svært ulike. Mange kjem hit for å oppleve Kina eller Thailand, og lære om ein heilt anna kultur. Andre vert tiltrekt mot heftig friluftsliv og mestringsglede, både på Sunnmøre og på Bali.

Skulen har tilsette i alle aldrar, med særs god kompetanse på utenlandsreiser. Elevane drar nytte av skulen sitt store kontaktnett utanlands, der vi skreddersyr opplegg for å mange lærerike og gode opplevingar og nye erfaringar. Alle linjene på Møre Folkehøgskule har lengre utenlandsopphold på programmet, der du får oppleve andre kulturar og teste nye grenser.

Turar

Alle klassene reiser på studietur samtidig. Det betyr at vi også får mest mulig tid sammen på skulen! Det er ulike lengder på turane og dei er knytt tett opp til den kunnskap og informasjon som elevane har arbeidd med å tileigne seg på førehand. I 2026-2027 er reisemåla planlagt år vere Thailand, Kina, Bali Japan og Europa. I tillegg skal vi alle sammen ei veke til Fuerteventura i slutten av november!

Fleire av linjene er direkte knytta opp mot Sunnmørsalpane, som kanskje er det mest facinerande fjellområdet i Noreg. Skulen har veldig god kompetanse i bruk av desse fjella. Når vi i tillegg er ekspertar på surfing og bruk av havet, så er summen av det eit år med fantastiske opplevingar for alle elevane! I sommarhalvåret nyttar vi naturen til mellom anna klatring, surfing og  padling. Vinterstid fokuserer vi på skiglede, både i anlegg og på toppturar.

Bilde av bygget til Møre Folkehøgskule, med blå himmel og raudt bygg.

Fasiliteter og utstyr

Skulen er godt utstyrt, og hausten 2026 skal elevane på Peaks & Pixels vere  med å bygge opp vårt nye gamingrom! I tillegg har vi  keramikkverkstad, gymsal, treningssenter, klatrevegg, bibliotek, klasserom med digitale hjelpemiddel, klassesett for hav -og elvekajakk, telt, lavvoer, klatre- og skredsikringsutstyr.

Kulturliv

Du vil også få møte kulturlivet i Ørsta og Volda, der det blir arrangert mange konsertar med kjende band og artistar. Vi bruker Ørsta Kulturhus som ein aktiv del av undervisninga. Studenthuset Rokken i Volda er kanskje den beste scena mellom Trondheim og Bergen!

Skulen ligg midt i Ørsta sentrum, et steinkast unna gågata og offentlig kommunikasjon.

Jente på fjelltur som smilar og gir tommel opp til kamera

“Åtte månadar på Møre folkehøgskule ga meg betre sjølvtillitt og mange augneblink med enorm mestringskjensle”

Gunn Elise Børset // Friluftsliv Sunnmørsalpane 2019/2020

Klar for eit år du aldri vil gløyme?

Velkomen til eit spennande, sosialt og lærerikt skuleår, fyllt med utfordringar og opplevingar!