Eit kutt som kan ramme dei unge som treng folkehøgskulen mest

Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2027 inneheld fleire forslag som samla kan få store konsekvensar for norske folkehøgskular. Men den viktigaste diskusjonen handlar ikkje om skulane. Han handlar om ungdomane som skal få – eller ikkje få – moglegheita til å gå der.

Regjeringa foreslår på nytt å redusere stipenddelen for elevar som vel folkehøgskule. Eit tilsvarande forslag møtte stor motstand i fjor og vart reversert gjennom budsjettforhandlingane på Stortinget. No er forslaget tilbake.

Samtidig blir tilskota til folkehøgskulane ikkje fullt ut justerte i takt med kostnadsutviklinga, og det er foreslått endringar i finansieringsordninga som kan få store konsekvensar for fleire skular.

Summen av dette kan bli ein dyrare folkehøgskule for elevane og ein vesentleg meir krevjande økonomi for skulane.

Kven får då råd til å velje folkehøgskule?

Det er eit spørsmål vi meiner fortener større merksemd.

For mange er folkehøgskulen eit år fylt med opplevingar, reiser, aktivitetar, vennskap og læring. Men folkehøgskulen er også ein viktig del av det norske utdannings- og inkluderingssystemet.

Her møter unge menneske eit forpliktande fellesskap. Elevane bur saman, lærer saman og må forhalde seg til andre menneske kvar einaste dag. Det er krav om høgt frammøte, og skulekvardagen handlar like mykje om personleg utvikling, ansvar og meistring som om fag og aktivitetar.

For nokre blir dette året eit vendepunkt.

Ifølgje NOU 2022:16 har om lag éin av tre som går på folkehøgskule, ikkje fullført vidaregåande opplæring før dei kjem til folkehøgskulen. Det bør få oss til å stoppe opp.

For nettopp blant desse ungdomane finn vi mange som samfunnet bruker store ressursar på å få tilbake til utdanning, arbeid og fellesskap.

Eit paradoks i regjeringa sin politikk

Regjeringa har sjølv løfta fram kampen mot utanforskap gjennom ungdomsløftet, med mål om å få fleire unge inn i utdanning og arbeid.

Den ambisjonen støttar vi fullt ut.

Men då er det vanskeleg å forstå kvifor ein samtidig foreslår tiltak som kan gjere folkehøgskulen mindre økonomisk tilgjengeleg.

Det er heller ikkje uproblematisk at stipendkuttet blir foreslått før utvalet som skal gjennomgå utdanningsstøtta, har lagt fram si innstilling våren 2027. Når staten først skal gjere ein større gjennomgang av studiestøtta, meiner vi det ville vere naturleg å vente på kunnskapsgrunnlaget før ein gjennomfører ei så viktig endring.

Folkehøgskule må ikkje bli eit tilbod for dei få

Vi meiner det er legitimt å diskutere både finansiering, prioriteringar og innretninga på norsk folkehøgskule. Også vi må vere budde på endringar og stille kritiske spørsmål til eiga verksemd.

Men konsekvensane av politiske vedtak må vurderast opp mot kva samfunnet faktisk ønskjer å oppnå.

Dersom resultatet blir at fleire unge må velje bort folkehøgskule fordi familien ikkje har råd, får vi eit meir sosialt skeivfordelt tilbod. Dei som har ressurssterke foreldre, vil framleis kunne velje eit folkehøgskuleår. Andre vil få langt færre moglegheiter.

Det meiner vi er ei utvikling i feil retning.

På Møre folkehøgskule ser vi kvar dag kva som kan skje når unge menneske får tid, fellesskap, utfordringar, ansvar og menneske rundt seg som ser dei.

Nokre kjem hit først og fremst for eventyret. Andre kjem fordi dei treng ein ny start. Dei fleste reiser herifrå litt tryggare på kven dei er og kva dei vil vidare.

Det har ein verdi for den enkelte.

Men det har også ein verdi for samfunnet.

Folkehøgskulen skal ikkje vere ein moglegheit berre for dei som har råd. Han skal vere ein moglegheit for alle.