Internatet ved skulen

Romma

  • Skulen har 47 dobbelt rom, 4 trippelrom og 2 enkeltrom
  • Romma er utstyrt med seng, 90 eller 75 x 200 cm, nattbord, eit kleskap til kvar
  • Elevane må ha med eiga dyne og pute pluss trekk og laken
  • Handdukar, såpe og personleg toalettsaker må du halde sjølv
  • Alle elevar får nøkkel til rommet sitt, og til ytterdøra til internatet
  • Du må betale eit depositum på kr 500 som vert tilbakebetalt ved skuleslutt når nøkkelen blir levert tilbake

Klesvask og elevkjøkken

  • Folkehøgskulen har to elevvaskeri med vaskemaskinar og tørketromlar. Elevane må halde vaskepulver sjølve
  • Der er tre elevkjøkken med vass-kokar, komfyr, oppvaskmaskin, kjøleskap og litt enkelt utstyr. Elevane har ansvar for reinhald og orden på desse.
  • Den enkelte elev må ta med kopp, fat og bestikk til eiga bruk i fritida

 

Bilde av eit studentrom viser internatlivet på Møre Folkehøgskule, utsikt over Ørsta frå vinduet.

 

Reise til og frå folkehøgskulen

Møre folkehøgskule ligg under Sunnmørsalpane i Ørsta sentrum, to steinkast frå Ørstafjorden og ein joggetur frå Ørsta/Volda lufthamn. Bussen har stopp rett under skulen, og har gode tilknyttingar. Det går direktebussar både frå Oslo, Bergen og Trondheim. Buss frå Ørsta til næraste tettstad Volda tek ti minutt,  og til Ålesund som er næraste by tek bussen 1,5 time.

Du kan reise til og frå Ørsta på fleire måter

Fly Ørsta/Volda (Hovden): Widerøe

Fly Ålesund: NorwegianSAS

Buss: Nor-Way Bussekspress

Ferge: Fjord1