Sjølv om det kan kjennast skummelt å starte på folkehøgskule, er Folkehøgskuleliv // Gran Canaria den perfekte linja for deg som vil prøve noko nytt i ditt eige tempo. Her handlar det om å oppleve alt som folkehøgskulen har å by på, utan at du treng å vere den tøffaste eller modigaste frå starten. Gjennom året får du sjansen til å byggje sterke venskap, oppleve spanande reiser, og bu på internat der fellesskap står i sentrum. Sammen skal vi finne ut kva det betyr å bu og leve saman, vekse som menneske og skape minner du vil ha med deg resten av livet. Er du usikker? Det er heilt normalt – vi tar det steg for steg saman!
På linja «Folkehøgskuleliv» roar vi ned jaget etter dei høgste fjelltoppane og dei største bølgjene. Her får du oppleve internatlivet, venskapet og samhaldet. Du får også lært korleis det er å måtte ta ansvar for ditt eige liv, og å vere klar over at det du er og det du seier får konsekvensar for både deg sjølv og andre.
På denne linja har vi tid til å snakke og lære kvarandre å kjenne. Gjennom å kjenne andre kjem vi også nærare oss sjølve. I tillegg får du vere med på turar og opplevingar både nær skulen og lenger vekke. Studieturen er planlagt til Japan. Om du ikkje vil vere med på den har vi eit eige opplegg for dei som blir att på skulen.
«Folkehøgskuleliv» er rett og slett linja for deg som vil oppleve dei fine tinga du har høyrt andre fortelle om folkehøgskulen! Etterpå er det di historie som er med på å lokke andre til «eit år dei aldri gløymer»!
Du som er med på linja «Folkehøgskule // Gran Canaria» får opplevd mykje på kort tid. Om du ønskjer å vere med går studieturen til Gran Canaria ut på vinteren. I tillegg får du vere med på hytteturar og andre spennande utflukter gjennom heile året. Det fine med denne linja er at du får prøvd litt av det meste! Om du ikkje vil vere med på den lange studieturen har vi eige opplegg for dei som blir att i Norge!
Denne linja passar for deg som vil ta ting i ditt eige tempo og som vil lære å verte meir sjølvstendig samstundes som du knyter venskap som varer livet ut. Du treng ikkje vere i spesielt god fysisk form, men du kan gjerne ha lyst til å kome i litt bedre form igjennom året! Det er vi flinke til å hjelpe deg med berre du sjølv vil!
This study is best suited for students who are fluent in Norwegian language.