«Midtens Rike // Kina & Japan» er linja som handlar om Asia med hovedvekt på mangfaldige Kina (Midtens rike) og Japan (Soloppgangens land). Målet for linja er å gjere dei beste opplevingane saman og på ein miljøvenleg måte, samtidig som vi utgjer ein forskjell for dei vi besøker!
Linja har fokus på kinesisk språk og kunnskap om Kina. I tillegg lærer du mykje om Japan, både kultur og historie. Dette er noko som kan vise seg verdfullt i arbeidslivet i åra som kjem, sidan både Kina og Japan er store marknader som er svært viktige for norske bedrifter!
Etter eit år på Midtens rike // Kina & Japan kan du mykje om begge landa. Vi bruker tid på å sammenligne og å finne ut kvifor dei to landa har blitt slik dei er i dag. Dette lærer du både i timane på skulen og ikkje minst på den lange studieturen vi har siste halvåret!
Vi startar skuleåret med å lære om kultur, språk og ikkje minst mat-tradisjonar i dei landa vi skal besøke på studieturen. Kjennskap til oss sjølve og forståing av kvarandre står i fokus.
I Norge skal vi på fjellturar i nærområdet og vi reiser på overnattingstur i havgapet. Slik får vi fantastiske opplevingar saman med resten av klassa.
«Håpskule-prosjektet» er sentralt gjennom skuleåret. Her samlar vi inn pengar til ein fattig barneskule i Kina. Møtet med barna der på studieturen vil garantert gi minne for livet!
Midtens Rike er den einaste linja på Møre som ikkje kan delast i to halvårsstudium. Det er fordi heile året heng saman, der det du lærer på hausten og vinteren før studieturen er heilt sentralt for å kunne delta og få utbytte av den lange reisa til Kina og Japan.
Sunnmøre, Hjørundfjorden, Runde ++
Japan og Kina ++
Endeleg pris for skulåret vil avhenge om du går heilårslinje eller berre eitt av halvåra. Sjå vår linjevelgar for prisar.
Studieturen til Japan og Kina varer 4 – 6 veker og er ein av dei lengste og mest «ekte» studieturane du kan vere med på som folkehøgskuleelev. Vi flyttar oss over store avstandar i Kina, og du får oppleve alt du har lært om før turen: Beijing med Den forbodne byen, Den Kinesiske Muren og storbyar som Shanghai og Hangzhou. I tillegg besøker vi avsidesliggande område der dei skjeldan har besøk av europearar. For mange er opphaldet på «Håpskulen» er eit av høgdepunkta på turen. For andre er det å sjå pandabjørn noko som blir eit minne for livet!
Etter Kina reiser vi til Japan for å besøke storbyane Kyoto og Tokyo. I tillegg reiser vi til fleire små landsbyar. Vi bruker å kome til Japan i slutten av mars for å få med oss den nydelige, men kortvarige, krisebærblomstringa i landet.
Siste åra har Kovid-pandemien gjort at vi ikkje har fått reist til Kina og Japan. Då har vi reist til Taiwan og Thailand og laga spennande opplegg der. Våren 2024 reiser vi til Kina og Japan etter at pandemien er over og grensene igjen er opne!
Lenke til Studieturen dei siste åra.
Denne linja passar for deg som er interessert i Asia generelt og Kina og Japan speielt. Du må vere motivert til å lære om språk og kultur då dette er sentralt for å kunne få fullt utbytte av den lange studieturen.
Du må møte opp til undervisninga, delta og faktisk ville utfordre deg sjølv litt. Om du er med på aktivitetane blir du ei litt betre utgåve av deg sjølv. Både som enkeltmenneske og i eit fantastisk samspel med andre! Vil du så kan du!
Som elev på «Midtens rike // Kina og Japan» treng du ikkje anna utstyr enn det du brukar i det daglege i eit aktivt ungdomsliv.
Sommar- og vinterkle, regnkle, gode sko samt ein laken- sovepose for overnatting i turisthytte held til det meste.
På studieturen går vi mykje på beina. Alle kan vere med på dette, men det kan vere lurt å bruke tida frå oppstart på hausten til avreise til å kome i litt betre fysisk form. Treningsutstyr hører med i kofferten!
Vi har tilgang til nye klatrehallar i Ørsta og i Volda
Tilgang til utandørs og innandørs skatepark i Ørsta og Volda