RAP // New York

Alt om linja

Finn di eiga stemme – og dine eigne rim

 

Alle kan lære å rappe. Du treng ikkje å kunne synge eller vite så mykje om musikk. Du treng ikkje å ha rappa før. Du treng berre lyst og interesse, og kanskje litt hjelp frå ein ekte rappar som har gjort det lenge?

 

Det kan du få på den heilt nye linja vår: RAP // NYC – i eit trygt og kreativt fellesskap med gode klassekameratar og lærarar i hip-hop-Noregs viktigaste bygd.

 

Her lærer du å skrive rim, utvikle flow og ha det kjekt med å spele inn låtar i vårt eige studio. Du får også lære litt om rappen og hip-hopens historie, og studieturen går til byen der det heile starta, New York City.

 

Alle i Noreg har ein dialekt, og alle dialektar funkar til rap – kom med den dialekten du har!

 

 

 

Kven møter du og kva har du i vente?

Frå «Mellom bakkar og berg» til «Ørsta rådhus»: Ørsta og nabobygda Volda har lange og stolte tradisjonar for dikting, språk og musikk. Heilt frå 1800-talet då nynorskens far, Ivar Aasen voks opp her fram til vår tids diktarar: rapparane i Side Brok, Sirkel Sag og louilexus.

Det er også våre lokale heltar som står bak rap-linja: Runar Gudnason (Side Brok og Sirkel Sag) har planlagt forløpet i samarbeid med Emil Lewe (louilexus). Emil blir rap-lærar gjennom heile året, og Runar er med på workshopar og når det elles trengst.

Unge Emil og gamle Runar er frå to heilt ulike rap-generasjonar, og til saman har dei kompetanse på all slags rap. Vil du lage tradisjonell skryte-rap på old school beats? Eller moderne og melodiøs rap med full autotune? Her er alt lov. I dag er rap ein ekstremt brei og mangfaldig sjanger, og det likar vi. Fokuset vårt er berre på gode rim og god musikk.

 

Vi reiser og vi reiser med meining. Kvifor er berekraft viktig?

Om du er opptatt av berekraft er Møre folkehøgskule rette staden for deg. Her er nokre grunnar:

  1. Fordjupning. Folkehøgskulane gir deg sjansen til å fordjupe deg i eit emne du er interessert i. Du kan enten velge linjer der hovedfokuset er berekraft og miljøspørsmål, eller du kan velje ei linje der berekraft blir ein naturleg del av alle aktivitetane du får vere med på gjennom året.
  2. Praktisk erfaring. Vi legg vekt på at du skal lære gjennom å utføre. Du deltek på ekskursjonar og frivillig arbeid både i og utanfor Norge. Då får du sjå at berekraft er viktig og at miljøarbeid nyttar!
  3. Felleskap. På Møre folkehøgskule vil du møte både elevar som liknar deg sjølv og elevar som du ikkje heilt kjenner deg igjen i. Felles for dei alle er vilja til å vere med i det fantastiske folkehøgskulemiljøet! Og du vil ganske så snart finne ut at også dei som verkar å vere ulike deg er rett så kjekke og likandes folk! Dette fellesskapet kan vere ein uvurderleg ressurs for å utveksle idear, inspirasjon og samarbeide om berekraftsinitiativer.
  4. Personleg vekst. Eit år på folkehøgskule handlar også om at du kjem til å vekse som person. Du kjem til å utvikle deg når det gjeld samarbeid, kritisk tenking og kommunikasjon. Dette er nyttige eigenskapar å ha når du skal påverke endring innanfor m.a. berekraft i åra som kjem.
  5. Inspirasjon for framtida. Eit år på Møre folkehøgskule kan hjelpe deg å definere dine verdiar og interesser. Kanskje ser du at kombinasjonen avberekrtaft og eit anna fag er nettopp det du vil både utdanne deg innan og arbeide med i åra som kjem?

Derfor, viss du meiner berekraft er viktig for deg kan eit år hos oss vere eit unikt og utviklande steg på vegen for å forstå, påverke og vere med og skape ei meir berekraftig framtid.

{{ slide.caption }}

New York (og noko som er litt nærare...)

Studieturen går til New York! Der møter vi dagens RAP-artistar og vi får ein unik kjennskap til bakgrunn, kultur og kvifor vi er der vi er i dag. Kanskje får vi også eit lite gløtt inn i det som er framtida for RAP-kulturen? I tillegg får du lære om utfordringane samfunnet i USA har i dag og vi får samanlikne det med korleis vi har det her heime.

I tillegg til New York turen reiser vi og besøkjer musikk- og RAP-miljøa i nærområdet til skulen. På same tid som det tek å gå ned til Ørsta rådhus (ein time) finns det eit levande og utfordrande musikkmiljø som du blir godt kjend med i løpet av året. Vi reiser også på konsertar kring om i landet når det blir arrangert noko vi vil ha med oss!

Vi ligg berre 10 minutt unna Rokken (studentscena i Volda) der det stadig er store namn som står på plakaten. Dessutan har vi vår eigen konsert på Stødt Scene i Ørsta på slutten av skuleåret! Det blir garantert ei oppleving både for elevar og publikum!