Linjene for skuleåret 25 -26 er no opne for søknad!

Eventyr for livet – reiser, opplevingar og nye vener!

Drøymer du om ein lang tur til nye eventyr eller fleire korte reiser? Nordover til spektakulær natur eller sørover til varmare strøk? På Møre Folkehøgskule får du varierte opplevingar, spennande studieturar og vener for livet. Vel mellom ei heilårslinje med ein lengre reise, eller skreddarsy året ditt med to halvårslinjer og doble turar.

Det er ditt eventyr – og ditt val!

Gå til linjeveljar

Velg mellom mange fantastiske linjer med spennande opplevingar både i Norge og resten av verda!

Undervannsbilde av to dykkarar som ser mot kamera

Opplev fellesskap, ekteheit og livsglede på Møre Folkehøgskule!

Med perfekt plassering midt i dei spektakulære Sunnmørsalpane, ventar eit år fylt med action, nye vennskap og minner for livet. Opplev pulserande internatliv, spennande utanlandsreiser, og aktivitetar som utfordrar og inspirerar. Uansett kva som motiverer deg eller kva du trur på, her er det rom for alle! Saman skapar vi eit unikt folkehøgskuleår som du aldri vil gløyme.

Sjå film om skulen og linjene her! (opnar i eige vindu)|

Om Møre FHS

Lær noko nytt og finn nye utfordringar

Vi har ein timeplan med mange valgfag og eit stort utval av tema å velge mellom. Er du den kreative og kunstneriske? Eller er du meir den som liker fysisk aktivitet og utfordringer? Vi har noko for alle, og det er kanskje spesielt spennande og utfordrande å prøve noko du aldri har gjort før? Og i år har vi ei heilt ny linje: RAP!!! Du kan framleis få på plass om du sender ein søknad!

Svært, ja!

Sjå våre valfag

Berekraft og opplevingar, hand i hand!

Berekraft og opplevingar, hand i hand! Vi har alle eit ansvar for at framtida skal vere bra for dei som kjem etter oss. På Møre folkehøgskule handlar berekraft om å forstå livet i andre land, samtidig som vi blir bevisste på korleis vi kan bidra til ei berekraftig framtid.

Vårt motto? «Vi reiser med meining». Berekraft er ikkje berre å kutte CO2 – det handlar om å bygge forståing mellom folk og kulturar. Difor reiser vi på ein lang tur i året, opptil 6 veker, der vi jobbar med dei som treng det mest, og opplever dykking, surfing og kvardagsliv på den andre sida av verda.

I starten av året vel kvar klasse 4 av FN sine berekraftsmål å fokusere på. Slik jobbar vi saman for ei betre framtid, samtidig som vi får minner og venner for livet!

Kva er berekraft?

«Året 2021/22 var jeg elev på FIT // Thailand på Møre folkehøgskule. Der trivdes jeg så godt at jeg tok ett år til som assistent 2022/23. Dette har vært de morsomste årene i mitt liv, og jeg fikk utviklet meg masse.

Livet på folkehøyskolen har vært utrolig sosialt, med masse kule opplevelser både i inn- og utland.
På linja har jeg også fått god introduksjon til styrketrening, anatomi og massasje, og i de 2 årene mine på folkehøgskolen i Ørsta fikk jeg også muligheten til å fortsette med fotball på herrelaget til Ørsta i 4. divisjon, noe som også var kjekt. Jeg vil sterkt anbefale Møre folkehøgskole hvor jeg hadde 2 fantastiske år.»

Elias Gunneng

Elias Gunneng, elev og assistent på FIT // Thailand 2021-22 og 2022-23

Kva skjer?

Møre folkehøgskule til byr fallskjermhopping for første gong!

Nyheiter frå skulen//Publisert 24.10.2024 Av Webmaster
For første gang er fallskjermkurs eit av tilboda ved Møre folkehøgskule! I samarbeid med Fønix fallskjermklubb på Molde er fallskjermhopp ein de…

Sikre deg plass på Møre folkehøgskule allereie 15. november!

Nyheiter frå skulen//Publisert 18.10.2024 Av Webmaster
Ny opptaksdato for alle folkehøgskulane: Sikre plassen din tidleg! For første gong i historien vil alle folkehøgskulane i Norge tild…