Klar for noko heilt anna enn kvardagen?
Vi ligg midt i hjertet av Sunnmørsalpane – omgitt av fjord, fjell og surfestrender – og tek deg vidare ut i verda.
Skuleåret 26-27 kan du velje mellom:
Surf & Summit – Topptur, Klatring og Surf
Pulse & Power – Friluftsliv, Idrett og Trening
Peaks & Pixels – Fjell, Fjord og Gaming
Asia Unlocked – Språk, Kultur, Reise og Mat
Wander & Wonder – Verda som klasserom
Frame by Frame – Story, Film og Foto
Sea & Soul – Kropp, Sinn og Balanse
Her får du nye utfordringar, oppdagar nye sider av deg sjølv – og blir del av eit fellesskap du aldri vil gløyme.
Med perfekt plassering midt i Sunnmørsalpane ventar eit år fullt av energi, aktivitetar og gode folk.
Opplev pulserande internatliv, utanlandsreiser til varme strøk og eit miljø der alle får plass – uansett bakgrunn, tru eller ambisjonar.
Vi har ein timeplan med mange valgfag og eit stort utval av tema å velge mellom. Er du den kreative og kunstneriske? Eller er du meir den som liker fysisk aktivitet og utfordringer? Vi har noko for alle, og det er kanskje spesielt spennande og utfordrande å prøve noko du aldri har gjort før?
Berekraft og opplevingar, hand i hand! Vi har alle eit ansvar for at framtida skal vere bra for dei som kjem etter oss. På Møre folkehøgskule handlar berekraft om å forstå livet i andre land, samtidig som vi blir bevisste på korleis vi kan bidra til ei berekraftig framtid.
Vårt motto? «Vi reiser med meining». Berekraft er ikkje berre å kutte CO2 – det handlar om å bygge forståing mellom folk og kulturar.
Mellom 40% og 50% av elevane dei to siste skuleåra søkte om å få vere på skulen eit år til som stipendiat. Det tyder vel på at dei hadde hatt eit godt år på Møre folkehøgskule?