Vil du lære korleis klassisk animasjonsfilm blir laga? Vil du ha innsikt i hemmelegheitene bak teiknefilmen sine mysterier, vere ”gud” og skape liv? Då er dette linja for deg!
Du treng ingen forkunnskap for å søke på Animasjon Japan, – vi startar med ein strek på eit papir, og gir denne liv. Deretter lærer du stadig meir gjennom heile året. For å få det til treng du ein god porsjon motivasjon, lærevilje, kreativitet og fantasi.
Klassisk animasjon er grunnleggande for å lære og forstå bevegelse og uttrykk og vi startar med det, og legg til rette undervisninga med utgangpunkt i den enkelte sitt nivå. Vi går igjennom og lærer mange animasjonsteknikkar, redigering, storyboard og lydlegging.
Du får lære om:
Teiknefilm
Pixillasjon
Cut out (klippe-ut)
Dukkefilm
2D digital animasjon
Eksperimentell animasjon
Musikkvideo
StopMotion
Kamera
Manus/storyboard
Bildekomposisjon
Redigering i Adobe Premiere
Lyd og lydopptak
Vi arbeider mest individuelt men har også nokre gruppearbeid/ fellesprosjekt. Du har fri tilgang til arbeidsrom og utstyr også utanom undervisningstida. Grip muligheitene og lag filmar i fritida! Eit år på Animasjon Japan vil gi deg gode forkunnskapar til studium innanfor animasjonsfaget, og ei muligheit til å lage ein god portefølje.
Utstyr og annet:
Lysbord
Speilreflekskameraer
Glasbord med fleire nivå
PC-ar
Mange animasjonsbøker
Teiknesaker
Alt nødvendig materiell for å lage animasjonsfilm
Det er veldig greit dersom du har med egen pc og tablet/digitalt tegnebrett.
Planen er at animasjonsklassa skal vere ca. to veker på studietur i Japan. Dette skjer oftast i vekene før påske. Vi skal vere godt forberedt og lære om japansk kultur, historie og samfunn før vi reiser. Vi får også eit lite språkkurs.
Noriko Sakamoto Hagen er vår japanske lærar og kontaktperson. Noriko bur i Ålesund og besøker klassa med jamne mellomrom i løpet av skuleåret. Ho har undervisning om Japan og japansk språk og kultur. Vi har svært gode erfaringar med samarbeidet med henne og ho skal vere med som guide på turen til Japan.
Japansk animasjon er mykje meir enn manga og animè. Vi skal besøke nokre animasjonskular og firma som produserer film. Og så får bli kjent med landet på nært hald. Dersom vi er heldige får vi også oppleve våren og den eventyrlege kirsebærblomstringa, «sakura». Dette er eit vårleg høgdepunkt i Japan.
PS: Ein må sjølv ordne med transport frå skulen/heimen frå og til Gardermoen før avreise. Vi legg inn nokre fridagar før turen. Etter turen må ein ordne heimreise sjølv og til påskeferie.
Informasjon om eventuelle vaksinar får du tidleg i skuleåret. Det er vanlegvis ikkje nødvendig med vaksiner for å reise til Japan.
Filmfestivaler:
Animation Volda – blir arrangert kvart år i september i Volda. Dette arrangementet fungerer også som prefestival før animasjonsfestivalen i Fredrikstad, der dei beste filmane frå Volda blir vist.
Fredrikstad Animation Festival – er ein fire dagars animasjonsfestival med mange flotte filmar, verdskjende filmskaparar som gjestar (t.d. frå Disney, Pixar, Aardman, AKA osv.), spennande og lærerike seminarar.
Den norske dokumentarfilmfestivalen – er den eldste dokumentarfilmfestivalen i Norge. Her er det mulig å sjå flotte kort-, dokumentar- og animasjonsfilmar. Festivalen blir arrangert ein gong i april, i Volda.
Klassa arrangerer filmfestival for hele skolen på slutten av skoleåret.
Vi besøker animasjonslinja ved Høgskulen i Volda. Her kan ein ta bachelorgrad i animasjon. Mange elevar frå animasjonslinja på Møre folkehøgskule har gått vidare til studiar på Høgskulen i Volda.
Det som du lærer på folkehøgskulen er eit svært godt grunnlag å bygge vidare på høgare studiar for den som er interessert i det.
Linjelærar Animasjon med Japan. Utdannet ved kunstskole i Pärnu, Kunst Akademiet i Tallinn, animasjonsopplæring ved Estisk Tegnefilm Studio, animatør ved studio «Estisk Tegnefilm». Har skrevet og tegnet barnebok, og har oversatt norsk barnebok til estisk.
Møre folkehøgskule nyttar cookies for å analysere bruk og for å betre brukeropplevinga i nettstaden. Om du fortsetter aksepterer du dette.OkLes meir i personvernerklæringa vår