Opplev Eventyr og Samhald med FX // Bali – Vår Mest Populære Linje!
FX // Bali har vore ein favoritt blant elevar i fleire år – og det er ikkje utan grunn! Vi har sendt hundrevis av eventyrlystne ungdommar på ei reise fylt med opplevingar og minner for livet. I år er linja enda betre!
Kombiner rått friluftsliv på Nordvestlandet med tropiske eventyr på Bali. Surf bølgene, klatre majestetiske fjell, og nyt heftige skiturar – kvar dag blir eit nytt adrenalinkick! På Bali får du ikkje berre oppleve paradis, men også bidra der det verkeleg trengs, slik at reisa di gir meining utover det vanlege.
Dette er linja for deg som vil utfordre deg sjølv, skape uforgløymelege minner og oppleve episk kameratskap – både i naturen og med nye venner.
Er du klar for ditt livs eventyr? Søk no!
Med linja «Friluftsliv X // Bali» får du ei reise som startar med rå opplevingar på Sunnmøre, der du blir kjent med både naturen, deg sjølv og gjengen din før turen går vidare til opptil fire veker på episke Bali. Der får du alt frå surfing til å oppleve ein heilt ny kultur – og når du kjem tilbake til Norge, held eventyret fram med toppturar i Sunnmørsalpane, utforsking av fjordane og adrenalinfylte aktivitetar langs kysten.
Her får du meistring gjennom heftige friluftslivsopplevingar, spenning, samhald og sjølvutvikling – alt i eit unikt fellesskap.
Er du opptatt av berekraft og vil gjere ein forskjell? Då er Møre Folkehøgskule plassen for deg! Her får du sjansen til å dykke djupt i tema du brenn for, enten gjennom linjer som fokuserer på berekraft eller ved at berekraft er ein del av alt vi gjer – frå spennande prosjekt til utandørs opplevingar.
Lær ved å gjere! Vi prioriterer praktisk erfaring, med ekskursjonar og frivillig arbeid både i Norge og utlandet. Du vil sjå med eigne auge at berekraftsarbeid fungerer og at innsatsen din betyr noko.
Fellesskapet på Møre er spesielt. Du vil møte ungdommar frå heile landet, nokre som er som deg og andre som tenkjer heilt annleis – men det er det som gjer det spennande. Saman kan de utveksle idear, inspirere kvarandre og samarbeide om kule berekraftsinitiativ.
Folkehøgskuleåret handlar også om personlig vekst. Du vil utvikle ferdigheiter som samarbeid, kritisk tenking og kommunikasjon, noko som er essensielt for å påverke berekraftsarbeidet framover.
Eit år på Møre vil også hjelpe deg å finne ut kva du vil med framtida. Kanskje ser du at berekraft kombinert med andre interesser er akkurat det du vil satse på i åra som kjem?
Så om berekraft er viktig for deg, kan eit år hos oss gi deg innsikta, verktøya og inspirasjonen du treng for å forme framtida.
Endeleg pris for skulåret vil avhenge om du går heilårslinje eller berre eitt av halvåra. Sjå vår linjevelgar for prisar.
Den lange studieturen på «Friluftsliv X // Bali» linja (3-4 veker) går til Bali i Indonesia og du vil få vidareutvikle og finpusse teknikken på surfing og dykking saman med resten av klassa di. Du får og oppleve sykkel- og andre turar i unik natur.
På denne turen bidreg vi også til å berge korallrev og livet i havet. Dette er med og sikrar fantastiske naturopplevingar for dei som kjem etter oss også. Då er vi med å sikrar framtida til dei fastboande også!
For mange er dette kanskje den største opplevinga på turen!
Likar du utfordringar og søker meistringsfølelse? «Friluftsliv X // Bali» er ei allsidig linje for deg som er i normalt god form og er motivert. Lær deg eit breitt spekter av friluftsaktivitetar i den flottaste naturen i landet og på Bali. Vi tek utgangspunkt i kvar enkelt sine ferdigheiter og legg til rette slik at du blir utfordra ut frå dine forutsetningar.
Som elev på linja «Friluftsliv X // Bali» treng du ein del utstyr. Det er berre å ta kontakt om du lurer på noko når det gjeld utstyr. Mykje kan kjøpast billeg og brukt, og vi gir gjerne råd!
Tilgang til klatrehall i Ørstahallen og i Volda
Tilgang til utandørs og innandørs skateparkar i Ørsta og Volda