Med «Friluftsliv X // Bali» linja får du ei reise som startar på Sunnmøre, der kjennskap til naturen, kjennskap til oss sjølv og kvarandre førebur oss til studietur og opp mot fire veker på Bali. Erfaringane og opplevingane frå Bali tek du med deg tilbake til Norge for å fortsette å utforske og oppleve Sunnmøre, Sunnmørsalpane, fjordane og havgapet resten av skuleråret.
Du vil oppleve meistring gjennom friluftsliv, aktivitetar, opplevingar og refleksjon både som enkeltmenneske og som ein del av eit større felleskap.